Si din mening
Ferie i Norge eller utlandet?
Norge
Utlandet
Ja takk, begge deler
TV-adressa:
Søk i arkivet
Mest debatterte sak
I denne rundkjøringa i Meldal sentrum sto skulpturen som symboliserte en knebling av bygdedyret. Nå er den fjernet og lagt på hemmelig sted. Foto: Margrete Konstad.
Jobbar for skimuseum
No skal den gamle draumen om skimuseum i Rindal bli verkeleg. Kari-Elin Bolme Løfaldli er tilsett som prosjektleiar i tre år for å jobbe det fram.
Det er ikkje berre konkurranseski i samlinga.
Del artikkelen på Facebook

- Det er naturleg at skimuseet blir lagt til Rindal, som er skibygda, og som har fostra så mange skiløparar. Museet skal samle alt av skitradisjonar og skiindustrihistorie, og målet er å få til heilårsaktivitet, seier Kari-Elin Bolme Løfaldli.

Det er allereie ei skisamling i Rindal bygdemuseum, og dette blir utgangspunktet for eit eige skimuseum med utgangspunkt i bygdas eiga skihistorie. Løfaldli seier skimuseet skal dokumentere eit samfunn som endrar seg i stadig større tempo. Folk er oppteken av å sjå korleis skiproduksjonen foregjekk, og dei er opptekne av premiar, emblem og symbol. Gjenstandar og skiutstyr, både gammalt og nytt er interessant.

- Det skal bli eit levande skimuseum, der dei som kjem skal få delta. Museet må leva i tida, det må skje ting der, og vi vil ta i bruk ny teknologi, seier Kari-Elin Bolme Løfaldli.

Skiheltar

Sigurd Røen er bygdas store skihelt med to gull frå VM i 1937 og fire kongepokalar. Jon Røen, Edvin Landsem og Magnar Fosseide er alle store skinamn frå Rindal. Rindalingar tok eit utal medaljar i junior- og senior-NM frå 1925 og fram til 1985.

Skimuseet skal også dokumentere skiindustrien i Rindal. Den første skifabrikken var Haltlie skifabrikk, som starta opp i 1918. Fabrikken skifta seinare namn til Rindal skifabrikk, som på det meste produserte 1000 skipar i året. Landsem skifabrikk produserte 70 000 par ski i året og hadde 70 tilsette på det meste. Troll-ski er også kjente og kjære ski laga i Rindal.

Pengar og lokalisering

Enno er det langt fram til skimuseet blir røyndom. Løfaldli skal drive arbeidet med å finne finansiering, lokalisering og innhald i museet. Det kan bli snakk om å bygge nytt, men Heggemsfjøset i Romundstadbygda, som museet eig, er også eit alternativ som ho vil sjå på.

- Målet er å få realisert eit skimuseum som kan ha ein drivverdig heilårsaktivitet, men det er mykje som skal på plass, ikkje minst økonomien. Både Rindal kommune og Nordmøre museum er positive. No på nyåret skal det settast ned referansegrupper som skal vera med på arbeidet med å få til skimuseet, og da kjem arbeidet for alvor i gang.

Nytt kontor

Avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli kan no ønske velkommen til eit splitter nytt kontor for Rindal bygdemuseum i det gamle rådhuset i Rindal. Hit er alle hjarteleg velkomne anten dei har gjenstandar å vise fram, historier å fortelje, eller ønsker å jobbe med fotosamlinga på 10 000 bildet som museet har på data.

Sjølv satsar Løfaldli på tett kontakt og samarbeid med alt frå barnehage og skole til eldresenteret. Det er viktig å venne ungane til å gå på museet og at dei får fine opplevingar der.

Tips en venn om denne saken !