Det blir både skjemt og alvor under Meldal folkeakademis tradisjonelle vårfest tirsdag 21. april.

I anledning 75-årsmarkeringa for krigsutbrotet skal Knut Svinsås-Loe fortelje om onkelen sin, Jon Svinsås, som var ein engasjert idealist som vart arrestert fleire gonger og enda opp i tysk fangenskap.

Folkeakademiet har også fått med seg orkdalingen Knut Ole Laksøyen med sitt humorshow. Dessutan vil Meldal songlag og Meldal Soul Children stå for den musikalske delen av programmet. Det blir åresalg og kaffisalg under vårfesten som blir halden i Meldal samfunnshus.

– Det har vore ein tradisjon i 15 år med festar vår og haust. Det bruker å vera mykje folk, og det trur vi det blir denne gongen og, seier Gunnar Salvesen som er kasserar i Meldal folkeakademi.