I helga lanserer Turid Røen Kroknes sin første CD, «Vegane». Laurdag er det plateslepp i Halsa med påfølgande konsert søndag kveld i Rindal kirke.

Turid Røen Kroknes er opprinneleg frå Rindal, men no busatt i Valsøyfjord på Nordmøre kor ho er lærar og frilanssongar. Når det gjeld konserten i Rindal kirke på søndag, lover ho at konserten skal vera ferdig til EM-finalen i fotball.

Lang merittliste

Turid Røen Kroknes har gjort mange rollar i fleire distriktsoperaer rundt om i landet, som Fru Inger til Austrått i operaen «Olav Engelbrektsson» på Steinvikholmen og Åttemannsenka i «Donna Bacalao» på Vikaneset ved Kristiansund. Ho har vore på turne med Den norske opera, og har lang fartstid ved Operaen i Kristiansund heilt frå 1984.

Kroknes har fått Halsa kommune sin kulturpris og Bræin-prisen for formidling av nordmørske folketonar.

Frå klassisk til visepop

Ifølge Turid Røen Kroknes har CDen vorte til over lang tid.

– Utgangspunktet for innspelinga var at det var på tide å gjera noko i ein annan sjanger enn eg hadde gjort før, og at det skulle vere fleire nyskrivne songar, fortel ho.

Mesteparten av sitt musikalske liv har ho dreve i den klassiske sjangeren med opera og kirkemusikk. No vender ho attende til visepopsjangeren som høyrer til ungdomstida.

Lystrup, Gafseth og Alnæs

I arbeidet har ho knytta til seg nye låtskrivarar og tekstforfattarar blant anna Geirr Lystrup, Ivar Gafseth og Frode Alnæs. Tittelmelodien «Vegane» er det Kjell Inge Torgersen som har laga.

I tillegg til dei nye songane framhever ho Jørgen Gravvold si vakre tekst «Eg trur eg vil døy ei vårnatt» med musikk av Tor Strand.

– Eg håper eg har lukkast med å formidle dei fine tekstane. Musikarane Jo Ranheim, Ronny Kjøsen og Øyvind Engen har på sin utmerka måte vore med på å gjere songane til det dei no er, seier ho.