Ingebjørg Bratland sørga for ei perfekt avslutning av årets Kristin på Husaby. Med ein særegen syngestil, klokkeklåre stemme, gode tekstar med meining og framført på skikkeleg telemarksspråk, skil ho seg frå andre artistar.

Ingebjørg Bratland er modig når ho følger hjartet sitt lager sin eigen stil musikkstil. Ho har sin eigen songteknikk som er djupt forankra i folkemusikken og kveding, dette gjer songen og stemma hennar særeigen. Det er vakkert å høyre på både når det gjeld tonar og tekster. Ikkje øydelegg ho den musikalske opplevinga med tomt tåkeprat heller. Vi går på konsert for å høyre musikk.

Ingebjørg Bratland og orkesteret satte ein varm og solid punktum for årets Kristin på Husaby. Det vart som arrangøren lova; ei grand finale av ei vellukka festivalhelg med mykje besøk.

Les meir om Kristin på Husaby i ST på papir tirsdag 28. juni.