Forfattar Idar Lind har nettopp fylt seksti år. Det blir feira med konsert og boklansering på Rockheim i Trondheim onsdag kveld.

Lind står bak tekstane til D.D.E.-slagerane Vinsjan på kaia og E6, men også manus og songtekstar til spelet «Skottet i Buvika». Boka Vinsjan på kaia inneheld mange av songtekstane Idar Lind har laga gjennom over 40 år. Songane og aktørane frå «Skottet i Buvika» får sentral plass i feiringa.

Finale frå Skottet

– Åtte ungar og 15-20 korsongarar frå «Skottet i Buvika» er med. Etter pause blir det først D.D.E. og så «Skottet i Buvika». Her er det prioritering, seier Idar Lind. «Skottet i Buvika» vart urframført på mølla i Buvika i 2008, og framført i ny versjon i september 2013. Det markerte 100-årsdagen for skottet som drap fagforeningsmannen Marius Folstad under møllestreiken i Buvika i 1913.

Så mange så Skottet

Huidtfeldt opna Skottet

No stig ei sol

Onsdag kveld blir det blir gjenhøyr med duetten mellom Marius Folstad (Ståle Tørring) og sonen Peder Folstad, spelt av unge Fredrik Vang. Gunnhild Sundli, Tore B. Granås og Stig Krogstad er med som solistar frå «Skottet». Publikum kan vente seg både No stig ei solog ikkje minst finalenummeret Framtida e vårres, som også blir finalen for Rockheim-konserten.

Bjarne Brøndbo

Forutan dei som alt er nemnt, vil også Bjarne Brøndbo og Heidi Granlund framføre songar frå Namsos-musikalar. Frode Fjellheim, Ingrid Bergstrøm og Mari Haugen Smistad deltek. Marianne Meløy er konferansier. Det blir glimt frå revyane på Stundentersamfundet, og songar frå Håkon og Kark (Korsvikaspillet), men også frå Idar Linds einaste Grand Prix-låt, som berre er framført ein gong før.

– Heile poenget med arrangementet er å få med størst muleg breidde i det eg har halde på med. Eg håper dei som stiller opp og er med på arrangementet, får det artig, og at publikum får det ålreit. Her kjem det både proffar og amatørar som har lyst til å vera med. Det er viktig for meg at dei synest det blir eit ålreit arrangement. seier Lind til ST.

Bilde frå Skottet