Søndag 28. mai inviterte Viggja barnekor til «Vindu mot verden, en usannsynlig variert konsert» i Viggjarheim. Og etter at koret allereie før pause hadde tatt eit fullsett forsamlingshus med til både Sverige, Russland, Kina, Japan, Mexico, Argentina, USA, Tyrkia, og Cuba, for å nemne nokre land, kan ein trygt seie at dei hadde orda i behald.

Med seg på ferda hadde ungane i Viggja barnekor sjølvaste bestefar Viggen (Ole Magnar Morken), som hadde tatt turen heimom denne kvelden for å lose både kor og publikum trygt gjennom fjerne land og kontinent. Gjennom heile konserten sat bestefar med atlaset sitt i gyngestolen ved peisen og fortalte om dei mange landa han hadde besøkt. Han batt songar frå ulike land og kontinent saman med anekdotar og humoristiske skråblikk på livet både til sjøs og i hamner ulike stader i verda. Saman med husbandet – Jan Erik Lund på gitar, Audun Støren, perkusjon og Hallgeir Måseide på tangentinstrument – danna han ei stemningsfull og triveleg ramme rundt konserten.

Undervegs var det mange høve til å bli skikkeleg imponert over både kompleksiteten i songmaterialet og mengda tekst ungane hadde øvd inn. Publikum vart presentert for fransk voggesong, afrikanske rytmar og halling frå Senja, og omtrent alt i mellom. På somme av nummera vart publikum utfordra til å delta på fleirstemt allsong , og fekk sjølve erfare at framande ord og rytmar krev både konsentrasjon og språkøre.

Ein må også berre bli imponert over den profesjonaliteten som finst rundt koret. Det er kvalitet i alle ledd når Viggja barnekor inviterer til konsert; det er dyktige musikarar i husbandet, Volum lyd sørga for proff lyd og lyssetting, og ikkje minst har koret to svært engasjerte og dyktige dirigentar i Anne Karin Støren og Anne Nor. Dei er ikkje redd for å utfordre dei unge songarane sine og dei bidrar sjølve med godt humør, stor musikalitet, og ei boblande musikkglede.

Viggja barnekor er eit ungt kor, i dobbelt forstand. Det har berre eksistert eit par år, og songarane er i alderen 5 til 12 år gamle. Og sjølv om ikkje alle ord sit som spikra i alle songar, og det kan bli litt lenge å stå på scena, så er det ingen tvil om at ungane trivst med kvarandre og med å synge, og sjarmerande scenevante er dei allereie.

«Vindu mot verden» var den tredje konserten Viggja barnekor inviterte til i Viggjarheim. Eg gler meg til den neste.

Ellinor Bergli Bustad