Onsdagskveld på Rossvoll denne veka tar for seg den svært så spesielle historia til ei kvinne med namn Brynhild som utvandra frå Skaun i 1870. Det er Åsmund Snøfugl frå Melhus som fortel historia om Brynhild. Han har kalla kåseriet sitt for «Sjalet».

Ingen livsteikn

Og sjalet er nettopp knytta til denne kvinna, Brynhild Dalsløkken, som var ei av mange som utvandra frå Noreg på slutten av 1800-talet. Ifølge Snøfugl dro Brynhild i 1870 frå Hoset-garden kor ho var taus.

Familien og slekta visste ingen ting om kor det vart av henne. I 1881 kom det eit livteikn frå, men etter det var det heilt stille kring Brynhild sin lagnad.

- Heilt fram til 1994, men da var Brynhild forlengst borte, røper Åsmund Snøfugl som fortel den svært så spesielle historia til Brynhild Dalsløkken og om ein kvinnelagnad på Onsdagskveld på Rossvoll onsdag 17. januar.