Spira til prosjektet vart sådd allerede i desember 2001 da Heidi Skjerve var med i oppføringa av «På jorden fred og glede» i Vår Frue kirke saman med saksofonist John Pål Inderberg og jazzpianist Vigleik Storås. No er dei tre saman att i tillegg til Trygve Fiske på bass.

– Vi vil gje publikum eit etterlengta gjenhøyr med trønderske folketonar med jazzfot, seier Heidi Skjerve.

Gjennom «Jazz i skogom» bles dei liv i religiøse folketonar frå Rennebu, trønderske viser og dikt av lokale poetar med ein god dose av svingande inntrøndersk slåttespel.

– Det er klare referansar til Jan Johanssons «Jazz på svenska», Monika Zetterlunds fortolkningar av svenske folketonar og Lars Gullins «Fäbodjazz» fra 1960-tallet, seier Skjerve.

Heidi Skjerve frå Rennebu har markert seg sterkt innan norsk jazz både som vokalist og komponist. Ho er utdanna i jazz og musikkteknologi ved Jazzlinja (NTNU) og med studieopphold ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Skjerve har sunge i Trondheim Voices i fleire år og vore solist i Trondheim Jazzorkester og i folkemusikkgruppa «Flukt». Ho har hatt både sin eigen kvartett og ein kvintett som har gitt ut to plater. I 2008 fekk ho Geir Digernes minne-

pris.

Audhild Øye