I 2018 får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftstøtte for å motta desse køyretya. Det melder Fylkesmannen i Trøndelag.

Køyretyet skal leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måten som ved vraking av bilar. Biloppsamlarar har ikkje plikt til å ta imot dei køyretya det no er innført vrakpant for. Ring difor biloppsamlaren og sjekk på førehand, skriver Fylkesmannen.

Det vert utbetalt følgande beløp ved vraking:

  • Lastebilar: 5000 kroner

  • Mopedar, lette og tunge motorsyklar: 500 kroner

  • Campingvogner og bubilar: 3000 kroner

  • Den ordinære vrakpanten på 3000 kroner for personbilar, varebilar og enkelte andre køyrety vert videreført.