Som eit levande innlegg i plastposedebatten går Per Kåre Vinterdal rundt på krykker.

– Eg har brekt foten. Eg er nøydd til å ha plastpose, forklarer orkdalingen, når vi lurer på kvifor han går med ein plastpose på foten.

Vinterdal er hestekar, og det var sjølvsagt eit uhell med hest som førte til den ulykksalige fotbrekkinga.

Han jobbar litt på Felleskjøpet, og der vart det reaksjonar da han kom med XXL-pose på vondfoten. Så no går han med flott Felleskjøppose surra fast rundt leggen, køyrer stasjonsvogn med automatgir og krykker i passasjersetet – og parkerer på handikapplass.

Gipsen er tatt av, men enda ser Per Kåre Vinterdal for seg å gå i 14 dagar til med plastpose på foten sidan han fortsatt er for hoven til å gå med sko på.

– Og plastposeavgifta?

– Siv Jensen, Trine Skei Grande og Erna Solberg et seg mette på statens bekostning. Dei må ta avgifta en annen plass ifrå. Det er latterleg, meiner hestekaren.