Forestillinga hadde urpremiere på Nyplassen i Sæterdalen i Meldal fredag kveld og får god kritikk i lørdagens ST.

– Det gikk strålende, med fulle tribuner, fint vær og stor respons fra publikum, melder Anne Mari Svinsaas i Bergmannsteateret.

Her er utdrag fra anmeldelsen i ST, som er basert på generalprøven:

«Svalsten-magien er tilbake i Bergmanns-

teaterets oppsetting Kåppår og slagg – Arvesølvet.

Vi har sett det før, i tidlegare oppsetningar med Bergmannsteateret. Det er noko som skjer når erfarne amatørar i Bergmannsteateret, godt forsterka av kollegaer frå Svorkbygda teaterlag, møter den svenske skodespelaren og regissøren Ulrik Svalsten.

Han får kvar enkelt skodespelar til å løfte seg og fylle rolla si, stor eller lita. Det er ikkje langt mellom latteren og gråten når historia om folket på Nyplassen og livet rundt Grutseter smeltehytte tidleg på 1700-talet skal forteljast.

Dialekten, dei mange gode replikkane og personteikningane, og den lokale bergverkshistoria ligg i Anne Mari Svinsaas' manus. Nyplassen ligg der som den perfekte spelplassen, med slagghaugane, elva som susar og kveldshimmelen over. Arne Rees vakre gammaldansinspirerte musikk, med trekkspel og Thomas Lomundals fele, skaper ei unik stemning.

Songprestasjonane i stykket er eit kapittel for seg. Som kor syng ensembelet flott, og den eine etter den andre står fram med stor stemmekraft.

(...)

Dette er den største satsinga Bergmannsteateret har gjort så langt. Det er godt å sjå at dei lykkast.

Meldinga er basert på generalprøven torsdag kveld. Allereie da sat forestillinga godt. Her er det jobba knallhardt, og skodespelarane var konsentrerte og ga alt. Til og med sola og naturen spelte på lag, slik at sluttscena kunne spelast mot raudnande kveldshimmel.»