Takk for skiftet, sa dei mange stader når dei gjekk frå matbordet, men det var den gong da. Om det framleis finst folk som seier slikt, bør dei få ros for å halde liv i tradisjonen. Men viktigare ville det vera å få ungdommane til å ta av seg huva når dei et. Før i tida var det stillteiande obligatorisk å vise maten såpass respekt. Somme forlanga også at ungane skulle stå ved matbordet. Denne skikken bør vi neppe ta oppatt, men tanken attom var fin og respektfull: Du står ikkje for høgare Herre enn maten, sa dei.

I dag er det eit anna skifte som gjeld: Det grøne skiftet, som har vorte ein varm snakkis i politiske festtalar og valløfter. I framtida ville det vore fint om vi kunne takke for dette skiftet også. Men eg fryktar det heller blir takk og farvel.

Mennesket lever ikkje berre av mat, seiest det, og da ventar du vel eg skal skrive om åndeleg føde: Eit lite gudsord i ny og ne eller tabellsituasjonen i eliteserien. Ein god roman, som ikkje nødvendigvis treng lesast på engelsk, er også balsam for sjela. Men mange vil heller supplere maten med andre verdiar: Ein skvett sterkt i glaset eller ein pris snus under leppa for eksempel.

I dag skal det visst vera fleire veikjer enn unge gutar som snusar. Derfor har det gamle ordet snushane vorte fortrengt av varianten snushøne. Hadde eg vore ung, kunne eg sikkert med opphissa fornøyelse vorte lokka til å kysse ei tullhøne. Men ei snushøne??? Nei, fri og bevare meg for slik munnbruk. Blir det for få snusfrie kyssetrutar av feminint slag, kan det få store følgjer for samfunnsutviklinga. Fleire homoar og færre ungar, var det ein pessimist som spådde.

Når det gjeld maten, bør vi ikkje glømme bøndene, husdyra og åkrane. Heller ikkje fiskarane, sjøen og havet. Det er dei som produserer alt vi et. Vårens vakraste eventyr er for meg lammingstida, mens jordbruksoppgjeret altfor ofte har svart sørgerand. Må det vera slik? Kanskje ville det hjelpe å kalle bøndene konsulentar? Da ville det vorte eit anna lønnsnivå.

Kolbjørn Aune