Somme frivillig, andre med tvang. Det siste er neppe så lurt, men er ikkje tema for dette innlegget. Her skal det handle om kommunenamn. Kva skal barnet heite? spør presten. Kva skal dei nye kommunane kallast er eit like godt spørsmål. Det er derfor godt å lesa i ST at Hemne, Halsa og Snillfjord har sett ned ei nemnd som skal arbeide med å namngi den nye kommunen. Og dagens Orkdal kommune med store tillegg er det bestemt skal heite Orkland. Det er eit godt namn, men kanskje ville det vore likså klokt og praktisk å bevare Orkdal som kommunenamn.

Alle nedarva stadnamn er historiske og språklege monument, som gir dei stor kulturverdi. Dette gjeld både kommunenamn (bygdenamn), gards- og grendenamn, teignamn og alle typar naturnamn (elver, vatn, fjell, øyar osv.). Stadnamna er med og styrkar heimstadkjensla og knyter saman alle som bur i same namneområde. Oppheld vi oss utabygdes, blir identiteten vår ofte knytt til namnet på kommunen. Mellom anna derfor er nye kommunenamn ei viktig kultursak.

Kommunenamn bør vi velje ut frå namnefaglege og historiske grunnar. Det er sjeldan eller aldri lurt å klekke ut nye og fantasifulle namnekonstruksjonar. Da kan det lett bli både Fjordland og mangt verre. Mitt råd til politikarane er derfor: Søk fagleg hjelp og rettleiing hos folk og institusjonar som arbeider med namnegransking. Det er aldri dumt å skaffe seg solid kunnskap før ein tek viktige avgjerder. Kommunenamnet er så mykje meir enn ein praktisk adresselapp.

Namnekonsulentane for Midt-Norge held til ved Universitetet i Trondheim. Dei heiter Eli Johanne Ellingsve og Ivar Berg. Begge har stor fagleg innsikt og vil kunne vera til stor hjelp når ein skal vedta namn på ein ny kommune. Å velje kommunenamn er etter mitt syn meir eit fagleg enn politisk spørsmål. Ein kan også få hjelp ved å ta beinveges kontakt med Norsk språkråd i Oslo, som har eiga heimeside på nettet.

Kolbjørn Aune