Aarbergsbotten nemner auka energieffektivisering, men går ikkje inn på dei enorme mengdene fornybar energi som kan bli frigjort gjennom satsing på energieffektivisering i staden for å byggje store anlegg for ny energi. I offentleg stønad kan Fosen Vind få ca 12 milliardar kroner i offentleg stønad for å byggje vindkraftverka., men det ville koste berre ein firedel, eller 3 mrd kroner i offentleg stønad å frigjera like mykje fornybar energi gjennom energieffektivisering. (Basert på Enovas gjennomsnittlege stønad pr årleg spart kWh, 2012-2016). Reknestykket for offentlege stønad til vindkrafta er slik: 7,7 mrd kroner frå elsertifikata (kr 0,15/kWh i 15 år) + 5 mrd kroner i skjult (og ulovleg) stønad gjennom Statnetts investering i nye kraftleidningar, i alt over 12 mrd. Elsertifikata og kraftleidningane blir betalte av kraftkundane. Men prisen på elsertifikata er no så låg at Fosen Vind risikerer å få langt mindre, og dermed føre til store tap for Statkraft og Trønderenergi.

Med andre ord er det dårleg butikk å sate på vindkraftanlegga i staden for energieffektivisering. I tillegg gir det store tap av naturverdiar, er dårleg for klimaet og krenkar menneskerettane til vårt urfolk på Fosen.

Dårleg for sysselsettinga

Aarbergsbotten trugar med tap av arbeidsplassar om ikkje vindkraftanlegga blir bygget, men Fosen vind vil i hovudsak gje arbeidsplassar i Danmark (Vestas vindturbinfabrikk) subsidiert frå Noreg, og ikkje stort meir enn 40 - 50 varige arbeidsplassar. Opp mot dette hevdar Byggindustriens landsforening at det trengs ca 5000 årsverk for å oppnå 1 TWh årleg spart energi i bygg. Dermed kan energieffektivisering i bygg føre til 17.000 årsverk for å frigjera like mykje energi som Fosen vind skal produsere. Med andre ord langt betre for sysselsettinga.

Hydro aluminium får vasskraft

Aarbergsbotten skriv at Norsk Hydro er avhengig av kraft frå Fosen vind, men Norsk Hydro må ha stabil kraftforsyning, og det er ikkje vindkraft. Gjennom kompliserte avtalar blir Hydro garantert vasskraft frå Agder energi, som skal tene pengar på handel med vindkraft frå Fosen. I tillegg må vi kunne nemne at Noreg kvart år i gjennomsnitt eksporterer mange gongar Hydros kraftbehov.

Sats på havvindkraft

Noreg kan bli verdsleiande på å utvikle og byggje ut havvindkraft (miljøskadeleg kystvindkraft som Siragrunnen er ikkje havvindkraft), men dette har regjeringa hittil ikkje satsa noko særleg på, sjølv om energimengdene til havs er enorme, og det ser ut til at ein med god planlegging kan få langt mindre miljøskade enn på land. Den danske energigiganten Dong Energy har trekt seg fullstendig ut av vindkraft på land, og satsar i staden på havvindkraft, der dei hevdar at dei kan tene pengar utan subsidiar. Statkraft har på si side trekt seg fullstendig ut av havvindkraft, eit dårleg strategisk val.

Reindrifta blir hardt ramma

Aarbergsbotten avfeiar at reindrifta blir ramma, men det er ikkje Fosen vind og Aarbergsbotten som bestemmer kva samane skal godta av inngrep. Då Olje- og Energidepartementet trekte attende Fred Olsens konsesjon for å bygge vindindustri i reindriftsområdet ved Kalvvatnan, var menneskerettane til samane sentrale. Samane på Fosen har same krav på rettferd som samane i Kalvvatna. Å trampe på menneskerettane er ein praksis vi forbinder med land vi ikkje liker å samanlikne oss med.

Kjell Derås og Mads Løkeland

Naturvernforbundet