Av Kolbjørn Aune

Halsa, Hemne og Vennastranda i Snillfjord skal bli ein ny kommune med Kyrksæterøra som sentrum. Men enno har ikkje den nye kommunen fått namn. I avisa ST 17. 10. har den kjente reklamemannen Sigbjørn Lenes ein god artikkel der han sterkt tilrår at namnet må bli Hemne. Han meiner Hemne-namnet har stor marknadsverdi . Med eit nytt og ukjent kommunenamn må ein starte marknadsføringa på null og nytt. Dette vil bli unødig tidkrevjande og svært dyrt. Eg kan mindre om slikt enn Sigbjørn gjer, men sunt kvardagsvett seier meg at han har rett. Den store marknadsverdien i namnet Hemne vil også gagne Halsa i framtida.

Svært mange hemnværingar deler dette synet, har eg forstått. Folket på Vennastranda har neppe sterke innvendingar. Dei har før hørt til Hemne kommune over dobbelt så lenge som dei har levd i Snillfjord kommune. Dei halsabyggene som har hatt lite med Hemne å gjera, kan naturlegvis ha eit anna syn. Det er forståeleg. Dei som hørte til Valsøyfjord kommune fram til 1965 og ikkje har nokon lang historie som halsabygger, vil nok ha lettare for å godta Hemne som namn. Kanskje ville mykje vore enklare om berre denne delen av Halsa vart lagt til Hemne?

Så vidt eg har skjønt, er det ei formulering i ein intensjonsavtale tidleg i prosessen som seier at det skal vera eit heilt nytt kommunenamn. Det finst ingen offisielle eller overordna reglar som krev nytt namn. Når Trondheim og Klæbu slår seg saman, vil ingen tenke på å kalle kommunen Bynes, som ville vera ein parallell til Heim i staden for Hemne.

Heim var kommunenamn frå 1911 til 1965. Før den tid hørte området til Hemne kommune. Akkurat som Snillfjord gjorde før 1924. Heim er eit eldgammalt gardsnamn. Som sisteledd finst -heim i rundt 1000 gardsnamn. I Hemne har vi Dalem og Svanem. Det usamansette gardsnamnet Heim finst berre to stader i Norge: Hemne og Suldal. Denne spesielle posisjonen bør Heim-namnet få ha i fred. Det treng ikkje bli kommunenamn igjen. Når Heim i tillegg blir bruka som familienamn, kan det lett skapa rot og forviklingar. Det skal vi ikkje legge opp til. Eit anna aber med Heim som kommunenamn (1911-64) var at innbyggarane ofte opplevde å bli kalla heimfødingar. Det var ikkje populært blant heimsbyggene. Den situasjonen vil vel ingen ha tilbake.

Eg har i ein tidlegare artikkel samanlikna namna Hemne og Halsa fagleg og historisk. Det er ingen tvil om at Hemne har dei lengste røtene som områdenamn. Namnet (først fjordnamn) kan vera eit par tusen år gammalt. Om namnet hadde vore ei hustuft, ville det vorte snakk om freding. Ein vrakar ikkje eit slikt kulturminne på grunn av ein intensjonsavtale. Eit anna argument for Hemne som kommunenamn er at Kyrksæterøra skal vera administrasjonssenter. Desse to namna fungerer best i lag.