«Rådmannen la premissene for vedtaket. Premissene er ikke til å stole på. Det synet begrunnet jeg så presist som mulig i Orkdal kommunestyre 25. oktober, men det skal du ikke gjøre. «Upassende fra denne talerstol», ifølge Lavrans Skuterud (V), som aldri har opplevd maken (ST 28. oktober).» «I mangel av en forklaring tar jeg meg den frihet å tenke høyt om press og påtrykk, selv om Venstre måtte finne det «upassende».» Dette stod i Hans Kringstad sitt innlegg i ST 2. nov.

Den gjeld diskusjonen om kva handel vi skal tillate på Laksøra. På typisk vis prøver Kringstad å blende lesarane med «fakta» slik at innlegget hans ser sakleg ut. Men det var fyrst og fremst hans «høyttenking om press og påtrykk», som ikkje er inkluderer i innlegget, eg fann svært upassande frå talarstolen. Der spekulerte og tilla han meiningsmotstandarar meiningar og motiv, både til korfor rådmannen og fleirtalsgruppa gjer som dei gjer eller meiner det dei meiner, og også drog inn spekulasjonar om Coop Orkla Møre/Løseth/Thon. Kringstad grunngir «høgttenkninga» si med mangel på forklaring. For det fyrste har Kringstad fått fleire forklaringar enn han latar som (nokre blir repetert nedanfor), for det andre kan han få fleire ved å spørje, men viktigast: Han vil aldri meine at han har fått forklaring om han ikkje aksepterer dei forklaringane han får (dvs. akseptere at dei er andre sitt syn). På sin selektive måte bruker Kringstad i staden sine observasjonar av «fakta» til simpel ryktespreiing, på same måte som gamle dagars «nabofruer» gjorde etter observasjonar frå bakom kjøkkengardina.

Både Kringstad og underteikna er sterke tilhengjarar av å ta avgjerer på best mogleg kunnskapsgrunnlag. Men det er noko Kringstad ser ut til å oversjå når han kritiserer rådmann og fleirtalsgruppa for å «angripe faglig kunnskap» og ikkje ville bruke tid/ressursar på å skaffe meir kunnskap. Det gjer at kritikken blir mest tomme ord:

· Det er sjeldan kunnskap gir eintydige svar. Fagfolk er ueinige, både innan og mellom relaterte profesjonar. Forskarar vil alltid peike på manglande kunnskap. Effekten i sentrum av å opne for stor detaljhandel på Laksøra er avhengig av kva for butikkar som etablerer seg der – og kven som etablerer seg innanfor «raudstreken». Det styrer ikkje politikarane – og det er få som assosierer Norge med slike detaljstyrande samfunn. Ingen er ueinig i at det hadde vore fint om alt areal innanfor «raudstreken» vart fullt utbygd før vi opna for detaljhandel på Laksøra. Ueinigheita ligg i viljen til verkemiddelbruk og trua på at det ville gi ønska resultat på same tid – ikkje mangel på kunnskap.

· Kunnskap er berre eitt av grunnlaga for politiske vedtak. Det same gjeld rådmannens saksgrunnlag. Ulike politikarar og parti har forskjellige ideologiar og retningsliner. I demokratiet er det fleirtalet som bestemmer – til og med når dei tek feil. Det er ein av demokratiet sine styrkar og/eller svakheiter. Politikk handlar om styre samfunnsutvikling og å ville noko. Kor stor vekt kunnskap får i politiske avgjerder er svært variabelt, både på lokalt og nasjonalt plan. Det blir tungt å vere politikar om ein ikkje godtek dette.

Kringstad sin kritikk av rådmannen sine «premiss» er skivebom. I Laksøra-saken var det mange politikarar som av like mange ulike årsakar ville opne for stor detaljhandel, og rådmannen sine fagfolk fekk ikkje den tida dei eigentleg ville ha til å behandle saka. Kringstad kritiserer fleirtalet for hemmeleghald og for å svekke demokratiet bl.a. fordi «ingen» har forklart han grunnlaget for sine arealkrav til stor handel. Det blir heilt meiningslaust. Sjølv føreslo Kringstad minimum 3000 m2, fordi sakspapira viser til éi undersøking der arealbehov var hovudsakeleg frå 3000 m2 og oppover (om eg hugsar rett). Sakspapira viser også til 1500 m2 som eit eksempel på krav i Skien, og dette vart rådmannens forslag etter at det var lagt fram i eit formannskapsmøte. Akkurat korfor dei ulike politikarar og parti enda på ulike tal i mellom desse grensene reflekterer ulike syn på krava til storhandel, akkurat som vi har litt ulike syn i mange andre saker også – utan at vi krev eksakte forklaringar frå kvarande. Og så er det heilt vanleg politisk arbeid at vi jobbar for å få mest mogleg gjennomslag for våre synspunkt, og søker samarbeid og kompromiss der vi har størst moglegheit for å lykkast. Ein dag får eg viljen min, ein annan dag ikkje.

I lys av det som er sagt ovanfor, blir Kringstads spørsmål om «blind tillit» til rådmannen også heilt skivebom. Hadde det vore meininga at vi skulle følgd rådmannens si tilråding i eitt og alt, kunne vi lagt ned kommunestyret. Kringstad veit også godt, bl.a. fordi han sjølv har fått gjennomslag for det, at politikarane av og til ber om meir utgreiing enn det som ligg i sakspapira. Når det ikkje skjer, er det fordi eit fleirtal av politikarane vurderer at dei ikkje treng det. Og det er heilt vanleg at mindretalet aksepterer det utan å mistenkjeleggjere fleirtalet.

Alt dette veit eg at Kringstad har kunnskap om – utan at han bruker den.

Lavrans Skuterud