Han tek imot på kårstuggutrappa på Foss med eit stort smil. Jubilanten er 90 år, men sjølv etter 90 feiringar er gebursdag framleis moro.

- Ja, eg er litt barnsleg slik, seier han.

- Har alltid vore det.

Politikk og frivillig arbeid

- Og så er han glad i søtsaker, seier yngstedotter Helga i det ho sender rundt kakefatet.

Ho har teke seg fri i dag berre for å trakte kaffe. Ja, og litt til, sikkert. Ein nittiåring kan vel ha sine plager, sjølv om han ikkje vil snakke om dei, og heller vera sjølvbergt som før.

Jo Foss treng ingen introduksjon. Etter mange år i politikk og frivillig arbeid har han eit stort kontaktnett i Meldal og vidt utover. Mange kjenner han gjennom avisa, der han har gjort minneord og omtale av nettopp nittiåringar til sin spesialitet. Respektfullt har han teke mangt eit medmenneske på kornet.

– Ja, eg har vel lukkast i å seie noko gjenkjenneleg om folk, seier han forsiktig, og legg til litt stoltare:

– Det har kjendest meinigsfylt!

Uro og positivitet

Jo vart fødd den 24. oktober, 1927 som yngst i ein søskenflokk på seks. Han omtalar oppveksten sin som trygg og god, men det er klart, økonomisk var ikkje 30-åra av dei beste, og han fekk lære seg både arbeid og sparsemd.

Aktiv var han, med sport og leik. Rampestreker var han ikkje ukjent med, han hadde vel kvikksølv i rompa, men han var tenestvillig og snill. Var det snakk om å gjera ærend, eller springe med «telefonbau», var han ikkje tung å be. Uro og positivitet, to karaktertrekk som allereie som gutunge synte seg i han. Seinare i livet smelta desse ofte saman til engasjement.

Utal av verv

Fire periodar i menighetsrådet og fire periodar i kommunestyret, eit utal av verv og dugnadstimar, slikt tek tid. Og heime var han grisebonde og far til fire. Det mangla ikkje på område å kanalisere uro og energi inn i.

- Nei, eg har ofte spekulert på om det var verdt det, seier han, særleg det med politikken.

- Og mykje vart vel halvgjort, føyer han til.

Rettferd

Her er vi nok ved eit tredje særtrekk ved Jo, ein tendens til anger og nedvurdering av eigen innsats, men også ein sterk vilje til å gjera rett, og til å gjera opp for det som ikkje vart rett. Få har evnen til å strekkje fram ei hand som han, for å byggje bru, om noko har vorte gale. Mang ein gong har det gått på bekostning av sjølvrespekten.

- Men uvener veit eg ikkje av, seier han.

Alltid på plass

Menighet, misjon og fråhaldssak er tre område som har nytt godt av Jo sitt engasjement, seinare kom historielag og hørselslag til. Han er knapt å treffe utan ei loddbok på innerlomma. Og det kjennest rart å tenkje seg eit forsamlingslokale der det ikkje pip i høyreapparatet hans Jo.

Ser framover

Somme av interesseområda må seiast å vera på sterk retur i Noreg i dag. Eg spør han om det kjennest sårt med alle dugnadstimar nedlagt, til dømes på menighetshytta når ho no er avhenda fordi ho gjekk ut av bruk.

Han tek ein tenkepause.

- Så vidt eg minnest kjøpte vi hytta for 26 000, og dei selde ho vel for over ein million. Eg får seie det var ei bra avkastning, smiler han lurt.

Han har evnen til å sjå framover.

Mange vener

Men i ungdomen var Jo usikker på kva utdanning og retning han skulle ta i livet. Ein vinter på snikkarskule på ein nabogard, lærling på meieri i Sør-Fron, mekanikerlinja på yrkesskulen på Løkken, militærteneste og Tysklandsbrigade, og jordbruksskule på Tomb i Østfold. Dette er utdanningsvegen i stikkords form.

- Ikkje noko av dette kjennest bortkasta, seier han.

- Ikkje minst fekk eg mange vener langs vegen.

Vart bonde

Jo tok over heimgarden i 1953.

– Korleis hadde det seg at du som var yngst av seks vart bonde?

– Tja.... Han dreg på det.

Dei tre andre brørne hadde ikkje lyst til å ta over garden dei heller, og dessutan var dei i gang med andre ting. Og for jenter var ikkje slikt aktuelt den tida, det vart berre slik.

– Men eg likte i grunnen å vera bonde, seier han.

Gris og korn vart driftsmåten på Nystuggu Foss etterkvart som moderniseringa og mekaniseringa av landbruket skaut fart.

- Eg starta med hest på gamlemåten, fortel han.

Han kjøpte traktor på 60-talet.

PC og facebook

Jo har forresten aldri hatt fordomar mot tekniske nyvinningar. No er PC og facebook dagleg arbeidsverkty og tidtrøyte. Han skriv framleis, til dømes minneord og småstubbar til årboka for historielaget. To lokalhistoriske bøker har han òg vore med å gje ut. Ein gjer ikkje slikt utan PC i dag, så klart.

Ingen alder

Etter eit langt liv saman med Berit, dei gifte seg i 1958, er han i dag enkjemann. Fire døtre fekk dei ilag og ni barnebarn. Alle var heime for å heidre nittiåringen. Eit oldebarn også, ei lita jente.

Slekter følger slekters gang. 90 år er ingen alder på Foss. Faren, Martin, vart 101 år, og av søskenflokken er dei framleis tre som lever, og Jo er yngst.

Gamalkjærast

– Kva framtidsplaner har du, Jo? Nei, i min alder kan ein ikkje legge så mange planer. Eg kan ikkje seie eg har 100 år innan rekkevidde, enno, seier han og ler.

- Eg har eit hjarteproblem, sju, og da veit ein aldri.

– Er du redd for å dø?

– Ikkje sjølve døden, kanskje, men prosessen, den er eg redd for, at eg kan komme til å seie ting eg kjem til å angre på, seier nittiåringen som nok framleis har eitt og anna i gjære.

– Ja, eg har nå teke opp att kontakten med gammelkjærasten, da. Det er fint. Det er ikkje noko hemmeleg det. Og det er ikkje slik at det eg og Berit hadde, blir mindre av den grunn, det står fast som fjell.

- Du veit, eg hadde i grunnen grudd meg til å bli 90, men dette trur eg eg kan bli van med, seier han med eit lurt glimt i auga idet han puttar eit kakestykke i munnen.

I ein alder av 90 år følger Jo Foss med i lokalavisa, og han er ein hyppig bidragsytar når dei gjeld minneord til andre 90-åringar. Foto: Arnt Stene
Som yngst av seks søsken tok han over heimgarden Nystuggu Foss. Foto: Arnt Stene
Yngstedottera Helga er komen heim for å hjelpe til på 90-årsdagen til faren Jo Foss. Foto: Arnt Stene