Når Orkdal historielag gir si 44. årboka, er det den største årboka i lagets historie.

Ei viktig miks

Her er artiklar skrevne av både lek og lærd; ein miks redaktør Åsmund Forfang meiner er viktig i den lokalhistoriske litteraturen der vi får kvardagshistoriane fortalt av folk som fortel om sine eigne erfaringar og levde liv, medan dei som har studert emna meir grundig, gjer den analytiske innsikten som dei formidlar vidare.

Monument over arbeidarane

Orkdal historielag si årbok for 2017 er ei praktbok. Det gjeld både innhald, omfang og ikkje minst utforming. Her er mykje interessant lesing for dei som vil lære om og kjenne sitt eige lokalsamfunn. Men det er også interessant lesing når det gjeld å sjå historia i eit større samfunnsperspektiv. Det seier Åsmund Forfang noko om i forordet i boka, der han understreker at både omslaget og åpningsartikkelen som omhandlar den såkalla Thamspaviljongen, er eit monument over arbeidarane som bygde dette spektakulære bygget i 1892/1893, og også eit monument over arbeidsfolket som førte bygget heim att til Norge 123 år seinare.

- Thams var nok ein initiativrik forretningsmann som reiste ny industri og nye arbeidsplassar i Orkdal. Men han var òg ein tyrann mot folka sine, og det er deira liv vi skal hugse når vi ser dette fine bygget, skriv Forfang i forordet.

God penn

Deretter følger ein interessant artikkel om historia til dette spektakulære bygget som no står i all sin prakt på Bårdshaug. Artikkelen er skrive med eit bankande hjerte og ei god penn av initiativtakar til Prosjekt Heimatt, Olav Sigurd Kvaale, og med foto av Arnfinn Sæthre. For all framtid er no historia og ikkje minst gjenreisinga av bygget, dokumentert i Orkdal historielag si årbok.

Odel og elskov

Artig skal det også bli å lesa innsiderapporten frå eit Orkdals-bryllaup i 1806 skreve av Eva Hov. Dette er ei historie som handler om odel og elskov; ei blanding som slettes ikkje var sjeldan på den tida, og som av forfattaren bli presentert som ein komi-tragedie. Det er i sannhet ei interessant historisk vinkling.

Oppvekst etter krigen

Lars G. Hukkelås fortel om om korleis det var å vekse opp i huset til ei sydame. Mora, Nelly Hukkelås, var sydame, og her kom og gjekk både sylærlingar og kunder. Dette er kvardagshistoriar som høyrer til vår nære fortid, men som synes mykje lenger sidan. Hukkelås fortel om korleis det var å veksa opp i etterkrigstida, om alle jentene som kom og gjekk i læra hos mora. Men historia fortel også om korleis arbeidsforholda for kvinner var under og etter krigen, der det gjaldt å brødfø seg og ta i bruk dei evnene dei hadde.

Finaste skifer

Arnfinn Sæthre skriv om kvartsittskiferen på Almi på Geitastranda som skriv seg millioner av år tilbake, og der det er henta skifer til blant anna dørhella på Stiftsgården i Trondheim og til ei bordplate i hagen på Skaugum. Oppdalsskiferen var ikkje bra nok, medan Almliskiferen vart omtala som både vakker og slitesterk med sin blå-grålige farge. Flotte foto av Sæthre understreker kor vakker denne skiferen er.

Sæthre skriv også om jakt og fiske i Songlia der han dokumenterer det viktige arbeidet som har vore gjort i dette unike jaktområdet.

Bakar og kommunist

Oddbjørn Kvålsvold sin artikkel om vinteren 1955/56 ved Torshus folkehøgskule, kan vera artig og gjenkjennbar lesning for mange. Interessant er det også, særskilt for dei som husker dei gode bakevarane ved Rostad bakeri, å lese om opphavsmannen til bakeriet, Johannes Rostad, som var så mykje meir enn bakar. Han var politisk aktiv kommunist og blant anna ein av ildsjelene bak bygginga av Orkanger barneskule som sto ferdig 1939 som ein av dei mest moderne skulane i landet. Som aktiv kommunist vart han tatt til fange av tyskarane, og satt fengsla både på Falstad og på Grini.

Største jordtausa

Folke Forfang har tatt for seg den største jordtausa i Orkdal; sjølveste Orkla som gjennom tidene har levd eit vilt liv utan omsyn til folk og fe, men som til slutt har vorte temd. Denne historia er eit apropos til turvegen Orklaparken som vart åpna i sommar.

Endre Evjen følger opp med historia om Evjensgroven kor det har vore fiske i mange generasjonar.

Nyare tid

Årboka inneheld også stoff fra nyare tid, som historia til Orkdal damekor fra 1967 til 1998; skreve av Unni Wold.

Ingrid Kjønnøy har skreve om barndom på Orkanger på 1960-talet der ho fortel at det var sjeldan å treffe folk med ein annan hudfarge eller nokon som snakka eit anna språk.

«Det som var normalt, var det vi var vant til, det vi lærte heime og på skolen», skriv ho og minnest at det gjaldt ikkje å stikke seg fram.

Ulvåsmarka

Asbjørg Svare skriv om første lærarinne si heime i Snåsa. Det var Anna Sletvold frå Geitastrand.

Folke Forfang skriv om eigedomsforholda i Ulvåsmarka der han retter opp feil eller misvisande opplysningar frå ei tidlegare årbok. Rett skal vera rett. Og Ulvåsmarka er trass alt eit av dei mest bruka turområda i Orkdal, som også blir mykje bruka av skauningane.

Praktbok

Heilt til slutt i boka kjem ei artig og litt overraskande historie skreve av Lars G. Hukkelås om da faren kjøpte ein kanadisk Brengun-Carrier-tank; kva no det er? Kjøpet var gjort i 1951-52 og blir omtala som eit impulskjøp. I alle fall vart det ei artig historie av det i Orkdal historielag si årbok i 2017 som er ei praktbok både når det gjeld innhald, omfang og ikkje minst utforming.

Det er mykje interessant lesestoff i Årboka til Orkdal historielag. Foto: Audhild Øye