«Køyrereglar» for besøk av politikarar, og kontakt mellom kommunens tilsette og politikarar, vart aktualisert denne veka ved Orkdal helsetun, og i vår gjennom Lysholm si «nedklubbing» av ein barnehageleiar i ein offentleg paneldebatt. Venstre meiner kommunen treng betre køyrereglar på området, også fordi vi for nokre år sidan opplevde ulik handtering frå rektorane da vi invitert oss sjølv på skulebesøk.

Like moglegheiter for alle ungar i Orkdal

Venstre har alltid satsa på lærarar og kunnskap. Gode lærarar, som kan pirre ungane sin kreativitet og nysgjerrigheit, er fundamentet i ei god utdanning. Vi vil derfor ha betre moglegheit og meir kompetanseheving for tilsette i skule og barnehage. Saman med fleirtalsgruppa har vi auka skulane sitt driftsbudsjett, og Venstre vil ta meir høgde for auke i elevtall og ressurskrevjande elever i budsjettarbeidet. Orkdal Venstre vil ha mindre fokus på meiningslaus testing og byråkrati, og meir fokus på trivsel på skulen. Utan trivsel – lite læring. Dette er ein av grunnane til at vi også ønskjer fleire valfag attende i skulekvardagen, i tillegg til at vi bl.a. vil ha kulturskulen som en del av det samla tilbodet.

Hanne Kvernmo Rye, Lavrans Skuterud og Torstein Grønningen