Debatt

Åpent brev til redaktøren

Kjære Anders Aasegg Morken.

Dert lysere området på kartet viser Skaun kommune. 

ST-debatt

Ei lokalavis har ei viktig rolle i distriktet sitt. Etter mitt syn har «Sør-Trønder'n» skjøtta dette stort sett bra. Men på nokre område skortar det på anten vilje eller kunnskap, - eller begge delar. Stadnamn er eit saksområde der det fort blir temperatur, og der ofte historieløyse og delvis manglande respekt for tradisjon og identitet, samt geografisk forvirring, fort vert utløysande faktorar. «Slaget» om namnet på Råbygda i Orkdal er eit døme på det.

I Skaun kommune har vi bygdelag og bygder, større og mindre. I hovudsak fylgjer bygdelaga dei gamle kommunegrensene. Børsa, Buvika, Viggja og Skaun utgjer bygdelaga. Så er da eksempelvis Skaun delt inn i bygder som Råbygda, Jåren, Åsbygda, Vassbygda, Kjørs-sida (Kirkesida) osv. I neste «etasje» under finn vi grendene, som Syrstadgrenda, ofte med utgangspunkt i gamle gardar som i dag er delte i mindre bitar.

Når «Skaun» vart valgt som namnet på dei tre samanslegne kommunane Skaun, Børsa og Buvik i 1965, var det vonleg ikkje fordi børsværingane og buvikingane ikkje kunne bli samde om noko som helst den gongen, men fordi Skaun var eit historisk namn med tyngde og pondus. Lite tenkte dei kanskje den gongen på at dette valet skulle føre til at bygda Skaun skulle få problem med å halde på bygdenamnet sitt.

I andre kommunar der dei gjorde likeeins, og nytta eit av dei gamle kommunenamna i nykommunen, har dette gått bra. I Malvik kommune t.d., er det ikkje vanleg å nytte korkje «indre», «ytre» eller andre vedheng når bygda Malvik skal nemnast.

«Kvifor skal det vere så vanskeleg å kalle bygda Skaun for Skaun, og Skaun kommune for Skaun kommune?» spør Ola Skauge. 

 

Så kjære Anders Aa. M., kvifor skal det vere så vanskeleg å kalle bygda Skaun for Skaun, og Skaun kommune for Skaun kommune? Når du og dine journalistar innfører «Øvre Skaun» for bygda Skaun, er det for at de ikkje skal tulle dykk bort og kome til «Nedre Skaun», kvar no det er? Børsa kanskje?

Når folk tek i bruk «sør i Skaun» om bygda Skaun, må det vere grunna på same redsla for at folk ikkje skal greie å skilje mellom Skaun og Skaun kommune. I samband med plassering og bygging av skule i Skaun, er «sør i Skaun» nytta mellom anna av somme kommunepolitikarar.

Nei – gode redaktør. Børsveringane må få lov til å bu i Børsa, ikkje i «Nedre Skaun», Og skauningane må få fortsette å bu i bygda Skaun, anten det er som jåring, vassbygding eller kjørsibygg. Eg treng ikkje belære deg om historia til Skaun-namnet, men det kan vere lurt å tenkje på at namnet vart «vunne att» på nytt etter at Børseskogn kommune vart delt for vel 100 år sidan. Namnet finn vi i skrift frå mellomalderen – og det i rikeleg monn. Eg skal heller ikkje terpe på kor viktig det er å halde namnearven i hevd. Det veit du også mykje om.

Mi oppmoding til lokalavisa og kulturberaren «Sør-Trønder'n» er denne: Bruk «Skaun kommune» om Skaun kommune, og «Skaun» om bygda Skaun. Strammar ein opp dette, vert det meir som hender i Børsa, Buvika og på Viggja og.