Debatt

Forsvar Remmafjellet mot nedbygging

Geitfjellet er bygget ned med vindkraft, og Svarthammaren er sannsynlegvis berga etter det klåre vedtaket i Snillfjord kommunestyre.

Kartet viser tre vindkraftfjell i Snillfjord: Svarthammaren (1) er sannsynlegvis berga, Geitfjellet (3) er bygget ned med vindkraft, og nå står Remmafjellet for tur. 

Mads Løkeland   Foto: Catharina Morken

ST-debatt

No er det Remmafjellet i Snillfjord som står for tur, og den utbygginga kan vi stanse.

Det er ikkje lengre ein gyldig konsesjon for vindkraftanlegg på Remmafjellet. Den har gått ut på dato, og Statkraft har søkt om fornya konsesjon/ forlenging. Søknaden må bli vurdert på eit sjølvstendig grunnlag, ut i frå dagens miljøkrav og den store folkelege motstanden. Dette er i realiteten ein heilt ny søknad om utbygging på Remmafjellet.

Fylkeskommunen har sagt klårt at det ikkje skal bli bygget meir vindkraft i Trøndelag, og alle partia som stilte til val i Orkland i år, svarte positivt på Naturvernforbundets spørsmål om vindkraft, og lova at dei ville gå mot all vidare utbygging av vindkraft i Orkland. Vi reknar med at dette valløftet blir følgt opp i praksis.

Folk i Orkland er glade i fjella sine, og med god grunn. Det er god førebyggjande verdi for helsa, både fysisk og psykisk med friluftsliv i inngrepsfri natur. Og så må vi sjølvsagt ikkje gløyme naturen. Vi har nettopp fått rapporten frå FNs naturpanel om at ein million artar i verda er truga av utrydding om det ikkje blir gjort tiltak, og det viktigaste tiltaket er å stanse nedbygginga av leveområde. Nedbygging av naturen på Remmafjellet med eit stort industrianlegg for vindkraft er akkurat det FNs naturpanel ber oss unngå. To eksempel: Ny kunnskap om hubro viser langt større risiko for skade på Europas største ugle enn ein trudde for nokre år sida, og spørsmålet om kor mange flaggermus som blir drepne av trykkbølgjer frå turbinane er aldri vurdert, sjølv om Noreg har underskrive konvensjonen EUROBATS om å ta vare på Europas flaggermus.

Statkrafts direktør for vind og sol, Steinar Bysveen, sa tidlegare i år: «Vi bygger ikke ut norsk natur for eksport». Veldig godt sagt, og vi ber Statkraft følgje opp dette, og avlyse planen om vindkraftanlegg på Remmafjellet.

Mads Løkeland-Stai

Naturvernforbundet i Orklaregionen