Debatt

Kulturminneplan for Orkland kommune

For nokre år sidan vart det ansatt ein regionhistoriker finansiert av Orkdal kommune, Meldal kommune, Skaun kommune, Industrimuseet og Sør-Trøndelag fylkeskommune.

Industrihistorien i dalføret var en av oppgavene regionhistorikeren skulle ha ansvaret for.  Foto: Orkla Industrimuseum

ST-debatt

Ein av hovedoppgavene var å få utarbeidd kulturminneplaner for kommunene.

5. november var det eit møte om arbeidsoppgavene for regionhistorikeren, og prioriteringer mot 2021. I tillegg til dei som finansierer stillinga var historielaga i området med på møtet.

Vi fekk høyre at Skaun kommune kom raskt i gang med kulturminneplanen, og førsteutkastet skal være ferdig tidleg i 2021.

Videre fekk vi høyre at interessene til gamle Orkdal og Meldal kommuner no vart ivaretatt av Orkland kommune. Her vart det tidleg rydda plass økonomisk for å ha ei stilling knytta til arbeidet med kulturminneplan, men arbeidet vart utsatt til etter kommunesammenslåinga. Personen som skulle lede dette arbeidet i kommunen har imidlertid slutta, og nyansettelse måtte vente i påvente av budsjettbehandlinga.

Det vart på møtet bestemt at ein av tre hovedoppgaver for regionhistorikeren for 2021 var arbeid med kulturminneplanene i Skaun kommune og Orkland kommune.

Vi har sett at budsjettarbeidet i Orkland er avslutta med eit saldert budsjett. Orkdal Historielag går derfor ut frå at alt blir lagt til rette slik at arbeidet med kulturminneplan for kommunen kan starte våren 2021, i tråd med tidligere politiske føringer og satsinga på å finansiere ein regionhistoriker.