Framtidas utfordringar i Orkland er godt beskrive i utfordringsdokumentet som kommunedirektøren har presentert. Det står derfor ikkje på mangel på dokumentasjon når politikarane skal vedta budsjettet for 2023. Kommunen må bruke meir ressursar for å oppfylle ambisjonane dei har om å gi alle barn og unge i Orkland ein trygg og god oppvekst.

Tidleg innsats er eit satsingsområde i Orkland. Det er ei satsing også Utdanningsforbundet står bak. Men skal vi oppfylle dei gode intensjonane til kommunen, må apparatet rundt barna vere godt. Det betyr kvalifiserte barnehagelærarar, lærarar og fagarbeidarar, og det betyr nok tid til å møte kvar enkelt unge med deira behov.

Dei som arbeider i barnehagane i Orkland melder om at fleire familiar treng hjelp enn tidlegare. Skolane er bekymra over utviklinga der fleire elevar treng oppfølging. Vi må klare å hjelpe ungane når dei treng hjelp. Her har vi ikkje råd til å mislukkast.

Orkland kommune har som mål å forebygge utanforskap og bidra til at ungdommane skal klare å meistre livet. Vi veit at kommunen ligg under landsgjennomsnittet for gjennomføring av vidaregåande utdanning, og det bekymrar oss. Utdanningsforbundet meiner ein styrka innsats i barnehagen og i grunnskolen er ein nøkkel til å få fleire gjennom det vidaregåande skoleløpet. Vi veit at dei første åra er særs viktige for at elevane skal lukkast i skolen. Da treng vi fleire kvalifiserte fagfolk. Det kostar pengar.

Utdanningsforbundet meiner at kommunen må styrke PP-tenesta . PPT får i dag ikkje gjort oppgåvene dei er pålagt å gjere. Gapet mellom det vi forventar at PPT skal bidra med og kapasiteten tenesta har, aukar år for år. For å møte ambisjonane frå Orkland kommune om å ha eit solid apparat rundt barn og unge, meiner vi at kommunen no må auke bemanninga i PP-tenestene. Eit ønske er at Orkland bruker ei bemanningsnorm for å sikre likeverd i tilbodet som blir gitt i kommunen. Om vi ikkje får gjennomslag for det, er det likevel nødvendig å auke ressursane. I første omgang for å klare å gjennomføre oppgåvene PPT har i dag, men også for å møte framtida på ein god måte.

Ansvarsområdet til PP-tenesta vil ikkje bli mindre i åra som kjem. Mykje er bra i Orkland kommune, men det betyr ikkje at vi ikkje kan peike på det som er utfordrande. Utdanningsforbundet i Orkland er bekymra over at ein ikkje klarer å oppfylle ambisjonane om tidleg innsats på ein god nok måte. Vi vil sjå at dei fagre orda blir omsett til handling. Da må ein prioritere rett i budsjettet for 2023. Prioriter barn og unge!