Eg kunne i alle fall ikkje tru at administrasjonen i Orkland kommune kunne kome til å tilrå å bygge ny brannstasjon midt i sentrum, kloss inntil eit buområde med mange pensjonistar. Dei har ikkje sett dette for seg: At dei kanskje fleire gonger i løpet av eit år skal bli vekt frå middagskvilen eller nattesøvnen av brannbilar i uttrykning. Eg trur ingen ville likt det, heller ikkje politikarar! Dei såg nok heller ikkje for seg at dei kunne få eit langt bygg, som ein mur mot vegen der folk ferdast. Vi veit kor viktig det er, spesielt for eldre å kunne følgje litt med på kva som skjer. Og dei kunne ikkje innbille seg at verdien på leilighetane deira, noen ganske nyinnkjøpt, skulle risikere å falle på grunn av eit kommunalt vedtak. For det kjem til å skje dersom forslaget blir til vedtak i formannskapet.

Eit signalbygg blir flott i sentrum, seier både brannsjef og arkitektfirma. Lokalbefolkninga ser det heilt motsett: Eit stort bygg som vil dominere sentrum, vil øydelegge sentrum! Lokalbefolkninga vil ha bustader, folk og aktivitet i sentrum!

Orkla sparebank, tidlegare Meldal sparebank, har alltid vore nær dei lokale kundane sine, og kundane føler at det er deira bank. Banken har sett eit vilkår ved sal: At det skal vere politisk forankra. Er eit vedtak i formannskapet, med sine elleve medlemmer, nok til at det er politisk forankra? Eg håpar og trur at Orkla sparebank fortsatt vil ha ansvar for lokalmiljøet og ta seg godt av sine lokale kundar i Meldal.

Meieritomta ligg der og berre byd seg fram. Der ligg det ikkje noko nytt bustadområde tett ved. Før saka vart lagt fram for politikarane, burde kommunen tatt seg bryet med å ta ei GPS-måling på tomta. Det var varsla i brev at det var fylt på mye masse, og i sakspapira stemmer ikkje kart og terreng! Det er ikkje så mye å fylle opp for å få ei flomsikkert tomt som det er vist til, og kostnadsrekna, i forslaget.

Det vil og bli behov for mye masse på banktomta og lærarbustadtomta. Dette er ikkje kostnadsrekna. Og bygget som er skissert frå arkitektfirmaet i vedlegg til saka, vil koste mye, mye meir enn eit rettvinkla bygg på meieritomta!

Det er planlagt å legge ut nye tomter i nabolaget til « gammelbanken». Eg er redd verdien på desse tomtene også vil falle om naboen blir eit stort signalbygg med utrykningar fleire gonger i året.

Eg avsluttar med det eg starta med: Her er det ein sterk menneskeleg faktor blant bebuarane i det fine og nye bustadområdet, som må telle aller mest, når mine politikarkolleger i formannskapet skal bruke si sunne fornuft!