I kalde, våte og bratte Norge er nemleg grasbasert husdyrhald det einaste alternativet dei fleste stader. Derfor driv Oslo-byrådet i praksis ein stadig utvida boikott av den maten som svært mange av landets bønder produserer. Og det er ei sterk markering mot distrikta og den beredskapsstyrkinga som folk i både by og bygd ønskjer.

Eg manar ikkje til konflikt mellom by og land. Etter mange år i Oslo som vekependlande stortingsrepresentant er eg svært glad i hovudstaden vår. Eg forsvarer dessutan gjerne austlendingane mot kritikk frå folk lenger nord når det er snøkaos.

Nettopp fordi eg ikkje meiner det er grunnlag for å sette by og land opp mot kvarandre, blir eg oppriktig trist over at landets hovudstad ikkje forstår den nasjonale rolla si betre når dei kjem med føringar for kosthaldet i kommunen.

Etter å ha innført kjøttfrie skulemåltid tidlegare, er det no barnehagar, aktivitetsskular og fritidsklubbar sin tur til å få kjøttfrie måltid. Det vil seie dei måltida som kommunen kostar. Foreldra kan visst sjølve sende med matpakkar med kjøtt dersom dei heller vil betale for desse måltida sjølve.

Hadde hovudstaden vår endå hatt rasjonelle argument for å gå laus på kjøttet. Men det er ikkje norsk kjøttspising som har skapt dei globale klimaproblema. Faktisk er metanutsleppa frå husdyra våre om lag 20 prosent lågare i dag, enn dei var på 1930-tallet. Norge har klimavenlege kyr og eit landbruk som stadig gjer gode tiltak for klimaets del.

Å byte ut det norske innhaldet på tallerken med stadig fleire utanlandske matvarer, er usmakeleg av byrådet som styrer ein by som er eit nasjonalt utstillingsvindauge. Oslo er òg eit viktig samlingspunkt for mange store offentlege og private aktørar.

Vi har eit langstrakt land der mykje av dyrkamarka berre er eigna til gras. Drøvtyggarane ku, sau og geit er derfor heilt avgjerande for oss dersom vi skal ha nok mat. Dette gjeld ikkje berre i fredstid, men òg når krisene vil ramme oss i framtida. Som svært viktig proteinkjelde er kjøtt saman med fisk, egg og mjølk ein heilt naturleg del av eit norsk kosthald.

Vi kan ikkje la store mengder dyrkamark og beitemark gro att dei neste åra fordi vi lullar oss inn i ein fantasi om at vi kan overleva på importerte belgvekstar og nøtter om importen stoppar opp. For eg beklagar, men det kan den koma til å gjera. Og det er uvisst når og kor ofte det kjem til å skje.

For å vera eit berekraftig samfunn må vi ha ein anstendig grad av sjølvforsyning slik at vi klarer oss gjennom kriser som reduserer eller stoppar importen. Då må vi også forbruke jamt av dei norske landbruksvarene, for elles breier krattet og skogane seg der vi no produserer mat.

Landets hovudstad er Norges største kommunale innkjøpar. Politikken til denne byen rammar i praksis norsk landbruk når kjøtt no blir boikotta meir og meir. Slik fell etterspørselen etter den maten dei fleste bønder faktisk kan produsere etter lokale naturforhold og norsk klima.

Ikkje berre kjøper Oslo vesentleg mindre av desse matvarene sjølve. I verste fall blir også andre offentlege aktørar og enkeltmenneske påverka til å gjera det same. Og det er klart at ungane blir påverka. Det er noko historielaust og framtidslaust på same tid over at kommunen lærer opp ungane til ikkje å eta noko som har berga nordmenn i generasjonar.

Bøndene må forhalde seg til norsk klima og vekstvilkåra her til lands. På same vis må også hovudstaden i Norge forhalde seg til kva mat vi har føresetnader for å produsere her.

Vi kan ikkje ha ein kjøttfri hovudstad i eit land der grasbasert husdyrhald er så viktig for sjølvberginga vår. Derfor må nokon realitetsorientere byrådet og særleg MdG om kva norsk landbruk og norsk matberedskap er.