Vi er ikkje før (omtrent) ferdig med covid-pandemien, så blir det strømkrise, krig i Ukraina og sterk inflasjon. Men det er ei krise som er her konstant, og som blir verre og verre år for år: Klimakrisa. Årsaka til klimakrisa er forbrenning av dei fossile energikjeldene olje, gass og kol.

Det viktigste grepet for å løyse klimakrisa er å erstatte forbrenning av fossil brensel med strømproduksjon frå alternative energikjelder. Dersom dette ikkje kan gjerast samtidig som det moderne samfunnet blir opprettholdt så har eg inga tru på at klimakrisa blir løyst. Det må satsast på truverdige alternativ.

Dei alternative energikjeldene er vasskraft, vindkraft , kraft frå solcellepanel., og kjernekraft. Ingen av desse energikjeldene er utan ulemper og skadeverkningar.

Eg har inga tru på at sol og vindkraft fullt ut kan erstatte fossil brensel utan at samfunnet blir sterkt endra. Ei slik endring kan sjølsagt være ønskeleg, men eg trur motstanden vil bli så stor at vi ikkje får stoppa klimakrisa. Ei anna ulempe er at sol-og vindkraft er avhengige av vær og vind, og derfor treng ei stabil botnkraft i tillegg. Vasskraft kan være ein del av ei slik stabil botnkraft, forutsett at det regnar nok. Men det er dessverre periodar med lite nedbør, og det er få land som er så rike på vasskraft som Norge. Sjøl Norge har i periodar for lite vasskraft.

Eg har alltid vore motstandar av kjernekraft. Men ved årsskiftet vart eg meir og meir overbevist om at kjernekraft er det einaste realistiske alternativet for å få stoppa klimakrisa. Eg vart derfor tilhengar av kjernekraft.

Eg er ikkje medlem i Naturvernforbundet, men deltok på seminaret dei hadde på Songlia i august der bruk av kjernekraft var eit tema. Der lærte eg mykje som aldri blir debattert fordi bruk av kjernekraft ikkje skal debatterast i Norge. Dette er noko av det eg hugsar frå seminaret:

·        Kjernekraft er den energikjelda som har færrast dødsfall per produsert kilowattime.

·        Nye generasjonar av kjernekraftverk er vesentleg sikrare enn dei tidlege kjernekraftverka.

·        Avfallet frå kjernekraft vil alltid være ei mulig kjelde for radioaktive utslepp, men faren er relativt liten

·        Avfallet har eit begrensa volum, og kan relativt enkelt håndterast.

·        Sannsynligheta for at utslepp frå kjernekraft skal bli større enn den strålinga vi allerede har frå naturlege kjelder er svært små.

·        Kjernekraft kan plasserast der kraftbehovet er størst, og krev lite areal sammenlikna med f.eks. vindkraft.

·        Kjernekraft vil kunne sikre ein stabil kraftproduksjon, og vil fungere godt for å stabilisere den ujamne produksjonen frå sol og vind.

·        Utbygging av kjernekraft kan skje like raskt som sol- og vindkraft i samme størrelsesorden.

Naturvernforbundet er mot bruk av kjernekraft, også dette vart opplyst på seminaret. Men argumenta fekk eg ikkje tak i. Derfor gjekk eg inn på internettsidene til Naturvernforbundet etter seminaret for å sjå kva dei skreiv. Men dei problemstillingane eg refererte over mangla heilt. Naturvernforbundet var imot atomkrafta pga. redsel for radioaktivitet. Basta! Fullstendig mangel på analyse! Eg vart ikkje noko klokare av det Naturvernforbundet skreiv.

Gjertrud Berg hadde eit langt innlegg om kjernekraft i avisa 8. oktober. Ho var også til stede på seminaret til Naturvernforbundet. Likevel mangla fleire av momenta som eg rekna opp over. Hovedpoenget hennes er at ei satsing på sol-og vindkraft kan fri oss frå klimakrisa. Det trur ikkje eg. Konsekvensen av ei slik prioritering kan være at først øydelegg vi det meste vi har av norsk natur, og så må vi til slutt likevel satse på kjernekraft.