Så har vi gjort unna eit stortingsval igjen, og eg har nettopp fylt år. Det nye startnummeret mitt blir 81. Med såpass høgt nummer slepp eg å brøyte løype. Gammalmannslivet har ikkje berre ulemper. Ikkje stortingsvalet heller. Sjølv om mange opplevde valet som ein mørkeblå blåmåndag med skumle biverknader. Det politiske fargekartet er ikkje alltid lett å tolke. Eit eksempel: Korfor blir mange heilt blå i trynet når dei ser raudt?

Resultatet blir at landet får ny regjering, og det gler eg meg til. Somtid kan det vera viktigare å skifte regjering enn å byte skjorte. Eg har liten sympati med dei vonbrotne som no lyt blande døsande tablettar i drinken for å få sova. Dei raknar vel med seg til neste val når skuffelsen kanskje slår motsett veg. Koss det går da veit verken politisk blinde eller klårsynte. Men det må vera lov å håpe at om fire år skal alle partisjefane ha komme over knisealderen.

Den økonomiske avstanden mellom fattig og rik blir stadig større i Norge. Når det heiter at 10–12 % av inntekta går til mat, så er det eit dunkelt gjennomsnittstal. Somme brukar kanskje 25 % av lønna på ein skrinn levemåte medan andre meiskar seg dagleg med Michelin-mat for promillar av inntektene.

Hos enkelte styrtrike har regjeringsskiftet skapt den store skjelven. Eit overdådig liv i luksustoppen kan visst fort buklande i luksuriøs armod. Ein kjent og ganske velberga laksekonge på Frøya trugar med å pakke ned eit par fjordar og rømme landet. Han fryktar at ein skattesmell kan slå sprekker i milliardane og gi færre glade laksar. Det treng han ikkje ottast. Så snart eg får tid og ork, kjem eg til å starte kronerulling for han. Solidaritet med folk som dregst er sunn og hjelpsam politikk. Det ville da vera ravgale om armingen skulle falle i fisk på grunn av nokre skattekroner til fellesskapet. Det er kanskje ikkje så lett å gjera alle til lags med oppdrettslaks heller.

Heime hos oss blir det inga endring. Sittande regjering nyt framleis tillit. Det tykkjer eg kjerringa har fortent. Ho har handtert både budsjett og munnbind og gjer alt for at mannen utan sidesyn ikkje skal ramle og forkommast i alderdommens snubletrådar. Heldigvis har han framleis skråblikket.

Naturlegvis kranglar vi somtid, kjerringa og eg. Det gjer vel både ektefolk og vi uekte. Men vi seier alltid god natt med mild inne-stemme. Sånn sett liknar vi politikarane. Om dei diskuterer (litt finare enn kranglar!) så ord og bust fyk, kan dei humre kameratsleg etterpå. Heilt uavhengig av kven som har regjeringsmakta. Det er Norge på sitt beste.