Orkdal pensjonistforening 50 år

Styret i Orkdal pensjonistforening, 2019. Bakerst fra venstre: Marit Ødyn, Elsa Slørdahl, Gerd Jorid Moe. Foran fra venstre: Harley Olav Gausen, Kari Oshaug, og Bjørn Elmar Svendsen. 

Orkdal

Orkdal pensjonistforening vart konstituert på Fannrem den 10. mars 1969. Jubileet vart feira med festleg samvær med middag for til saman 81 medlemmer og innbedne gjestar i Orkdal samfunnshus, Grøtte den 9. mars. På programmet stod helsingar og godord, jubileums-beretning, underhaldning ved «Knort- og separatorkompaniet», (ekteparet Gerd og Lars Hatling, toillingpris på revyfestivalen på Høylandet), allsong og samtale rundt borda i ein svært fint pynta sal. Til slutt spelte Olmar Brevik opp til dans.

Første formannen i foreninga var Erik O. Sundli. Allereie i referatet frå første møtet er det lagt vekt på kor viktig det er å halde det sosiale nettverket ved like etter kvart som ein blir eldre. Det er viktig både for den enkelte og for samfunnet. Medlemsmøta var dei første åra som oftast i møterommet på Grøttetun. I alle år har møta hatt diverse kunstnariske innslag, matservering og sosialt samvær med prat ved borda. Etter kvart også dans.

Alt første året vart det arrangert utflukt med bil. Særleg dagsturane har vore populære. Det har også vore arrangert turar med opptil 4 overnattingar, ofte i samarbeid med våre gode naboforeningar på Orkanger og Svorkmo. Dagsturane har gått til destinasjonar i Trøndelag og på Nordmøre. På overnattingsturane har vi besøkt fjernare stader i områda Östersund-Vega-Nordfjord-Østlandet med Oslo.

Det sosiale er altså godt ivaretatt, men foreninga har også arbeidd for konkrete saker i nærmiljøet som har vedrørt den enkelte og lokalsamfunnet. Som eksempel kan vi nemne eldresenter, legesenter på Fannrem, utkjøring av daglegvarer, trafikkforholda rundt Helsetunet på Fannrem, leskur ved buss-stopp, prisar på heimehjelp, orientering om praktiske hjelpemiddel, I mange år har foreninga arbeidd for å få apotek på Fannrem, men trass i samarbeid med politiske og andre lag har vi enno ikkje greidd å få gjennomslag for dette.

På grunn av nøktern drift har økonomien vore i balanse i alle år. Første årskontingen-ten var 8 kr. Den vart i 1974 satt ned til 5 kr. Slå den! Inntektene elles har vore utlodding og åresalg på medlemsmøta. I jubileumsåret blir kontingenten innkrevd sentralt og er for året 2019 360 kr. Ein stor del av dette går til pensjonistforbundet sentralt og til medlemsmagasinet «Pensjonisten». Resten blir overført til lokallaga.

Ved siste årsskiftet hadde foreninga 188 medlemer. Pensjonistforbundet er nøytral både når det gjeld livssyn og politikk. Ved sida av å vera eit viktig sosialt tilbod, også til nye innflyttarar, er foreninga eit organ som arbeider for lokale interesser og med tema som vedrører eldre heilt ned til 50-60-års-alderen. Vi vil derfor argumentere for at alle finn ei lokal pensjonistforening som dei kan delta i.

Av Medlem