Korleis var husmannsvesenet i Orkdal?

Husmannsplassen Tuflåtgjerdet slik det var på plassen ein dag i 1947.  Foto: Orkdal historielag

New Articles

Onsdag 23. oktober inviterer Orkdal historielag til møtet om husmannsvesenet i Orkdal på biblioteket på Orkanger.I Orkdal har det vore omlag 900 husmannsplassar. Da er strandsittarane på Øra tatt med. No starter Orkdal historielag arbeidet med kartlegging og registrering av alle desse husmannsplassane som var rundt omkring i den vidstrakte kommunen.

Ønsker bilete

I dette omfattande arbeidet vil dei plassere kvar husmannsplass på kart, registrere når husmannsplassen var i bruk og kven som bodde der.

- Vi ønsker også bilete av hus og folk, historier om plassen, og vi vil vise plassering i gamle kart og flyfoto, seier Folke Forfang i Orkdal historielag.

I dag er det få husmannsplassar som står att i Orkdal. Der det er spor etter dei, er det berre grunnmurane som står att.

- Men også desse er det viktig å få fotografert og registrert, seier Forfang som viser til at i nabokommunene Skaun og Meldal er dei omtrent ferdig med registrering av husmannsplassar.

Lærer av andre

Dette ønsker Orkdal historielag å hauste erfaring frå, og har derfor invitert Rita Elvira Husby til å orientere om arbeidet, samt kome med råd og erfaringar frå arbeidet som er gjort i Skaun. På møtet på onsdag kjem det også ein representant frå Meldal historielag for å dele erfaringar dei hadde med arbeidet der.

Elles blir det på møtet orientert generelt om framveksten av husmannsvesenet, i tillegg til å gi ein oversikt over husmannsplassane under gardane Hov og Nervik på Orkanger; kor dei låg, når dei var i bruk og kven som bodde der.

Folke Forfang understreker at alle er velkomne til møtet, og historielaget ønsker elles at personar som ønsker å delta i arbeidet, tar kontakt med historielaget.