Debatt

Hasjtåke i ST-redaksjonen

Den klikkåte overskrifta viser til leiaren i avisa ST 13. februar som åtvarar om «mye hasjtåke rundt omkring» som følgje av regjeringa sitt forslag til rusreform.

Ifølgje Folkehelseinstituttet har rundt éin av fire nordmenn erfaring med cannabis.  Foto: Sara Johannessen Meek/NTB

Lavrans Skuterud er gruppeleder for Venstre i Orkland kommunestyre 

New Articles

Eg tilrår å søke opp kommentaren «Vedums vranglære» i Bergens tidende. Også her er lett å lefle med folks motstand mot forandring. Underteikna innrømmer at han også har vore skeptisk til avkriminalisering av mindre mengder narkotika pga. konsekvensar for rekruttering til rusmiljø. Men eg kan ikkje oversjå at den politikken vi har i dag ikkje ser særleg vellukka ut. Eller at internasjonal forsking og den 416 sider lange rapporten frå Rusreformutvalet viser at kriminalisering ikkje er førebyggjande, men aukar terskelen for å søke hjelp – og skapar meir kriminalitet. Eller at FNs narkotikakommisjon og Verdas helseorganisasjon tilrår avkriminalisering av omsyn til folkehelse. Rusreformutvalet seier at reforma ikkje vil føre til auka bruk av narkotika i samfunnet, og tunge fagmiljø som Helsedirektoratet, Norsk psykologforening, fleire sjukehus og helseføretak og Riksadvokaten, og også barne- og familieetaten i Oslo, støttar reforma.

Leiaren i ST viser sjølv til auka bruk blant unge – det er jo eit døme på at gjeldande politikk ikkje fungerer? Også tal frå lokalt politi viser auke (ST 20. feb.). Oslo er i Europatoppen på amfetaminbruk, og kvar fjerde person på byen er rusa på ulike partydop. Ifølgje Folkehelseinstituttet har rundt éin av fire nordmenn erfaring med cannabis, og bruken har auka sidan 2009 trass forbod, bøter og fengsel. Dersom overdosedødsfall er eit mål på narkotikapolitikken, har vi i mange år hatt ein av dei dårlegaste i Europa. Dei siste åra har vi hatt fleire overdosedødsfall enn trafikkoffer.

Det er manglande resultat som gjer at Venstre i 20 år har kjempa for ein reform som flytter innsats frå å straffe folk som lir med rus til å gi dei helsehjelp og styrke behandlingskapasiteten. Mange tiårs strafferegime har ikkje fungert. Les t.d. Dagbladet-leiaren «No må ondskapen ta slutt» 20. feb. Narkotika skal framleis vere forbode, og bruk skal gi reaksjonar frå samfunnet. Politiet skal kunne pålegge møte hos kommunal rådgjevarteneste, også med møteplikt for føresette. Og Rusreforma skal sjølvsagt følgjast og evaluerast med tanke på å identifisere utilsikta verknader som krev tiltak.