Orkdal

Når Odd Nordstoga torsdag kjem til Orkdal, er det ifølge kulturscenens nettsider første gong han speler på Orkdal kulturscene. Nordstoga lanserte sitt nye studioalbum, som har fått navnet «Kløyvd», i februar, og er for tida på norgesturné.

- Odd Nordstoga og hans fantastiske band gler seg veldig til å koma ut og framføre denne plata! skriv Orkdal kulturscene om konserten på torsdag. I tillegg lovast ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen.

Odd Nordstoga slo igjennom i 2004 med plata Luring, som ved hjelp av landeplagen «Kveldsong for deg og meg» selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som «Dagane» og «Frøken Franzen». I 2008 gav Nordstoga ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet Pilegrim. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata Strålande Jul. Plata November kom året etter, og der er folkpreget for fyrste gong tona litt ned til fordel for eit litt mørkare og personleg landskap. Solsida av dette landskapet kjem til sin rett i neste plate Vaffelhjarte, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok og tv-serien med same namn. Songane «Bestevenn» og «Ein farfar i livet» er frå dette albumet.

Neste prosjekt var eit samarbeid med Ingebjørg Harman på plata Heimafrå, med utgangspunkt i felles folkemusikalsk oppvekst. I 2015 kom Dette landet, som fekk spelemannspris for beste tekstar, før dobbeltalbumet Kløyvd vart lansert i 2018.