Diktinga lever vidare

Meldalsdikteren Astrid Krog Halse er død, 93 år gammal. Diktinga hennar vil leva vidare.
Kultur

Astrid Krog Halse debuterte med diktsamlinga Marimesse i 1961, og ga sidan ut ti diktsamlingar både for barn og vaksne, som vart gitt ut samla i boka Målet hennar mori 2000. Mest kjent vart Astrid Krog Halse gjennom at folkrockbandet Gåte tonesette og brukte fleire av tekstane hennar på plater som selde til gull og vart kjende over heile landet. Astrid Krog Halse fekk Meldal kommunes kulturpris i 1998.


Astrid Krog Halse var fødd i 1914, og vaks opp i ein lærarfamilie på Å i Meldal. Ho har levd dei siste åra av livet på Ranheim sykehjem, og ho sovna stille inn onsdag. Gravferda blir frå Lade kirke førstkommande fredag.


Stengd dør, Skrømt, Sjåaren og Du som er ung, er blant Krog Halses tekstar som Gåte har brukt. Gunnhild Sundli var vokalist i Gåte, og ho er glad for å ha fått bruke Krog Halses dikt, og synest dei passa godt til uttrykket bandet hadde.


– Det var veldig fine dikt å sette tone til. Tekstane hennar ligg godt til den folkemusikkinspirerte musikken vår.


Om Sundli skal nemne nokre dikt ho liker spesielt godt, må det bli «I natt har du gått gjennom hagen» og «Segna om Sigrid», som er laga etter ei gammal segn frå Resdalen.


– Det er ei fin historie, synest Sundli. Men mest av alle vil ho trekke fram Sjåaren, som finst på Gåte-plata Iselilja.


– Fordi den handlar om livet, rett og slett. «Freden sa du, saknar du han? Du finn han i skogom i ingenmannsland». Det er ein fin tekst, seier Gunnhild Sundli.


Les meir om Astrid Krog Halse i ST 10. februar.


Marte Mona