Thamshavnbanen bruker millionar lokalt

Thamshavnbanen blir fornya for til saman 28 millionar kroner, og går inn i hundreårsjubileet i full 1908-mundur.
Kultur

– Og det meste av dette går til kjøp av varer og tenester frå lokale firma. Det er vi stolte over, seier museumsbestyrar Bjørn Tokle. Eitt av jubileumsprosjekta er å gjenskape ein førsteklassekupe i ei av personvognene.


– Åh. Så fint. Det er heilt konge! utbryt reinhaldar Eva Dørdal mens Bjørn Tokle og konservator Ellen Sletvold ber inn dei første plysjstolane og plysjkledde veggplatene. Personvogna dei skal monterast inn i, har blitt fullstendig strippa og skrapa før ho fekk 24 strøk med olje utvendig. No skin ho som ny.


– Eit klenodium, fastslår den togentusiastiske Bjørn Tokle. Innvendig er vognene også skrapa og måla opp i tre fargar, slik det var opprinneleg. Og for første gong sidan 1949 skal Thamshavnbanen få tilbake førsteklassesalongen. No ventar dei på spesialbestilt prega tapet frå USA, lamper frå Danmark, og på resten av plysjinteriøret. Thamshavnbanen er i rute når hundreårsjubileumsåret så vidt er i gang. Alt skal bli som i 1908, og det før første juni.


Det er møbeltapetserar Marit Skjetne på Orkanger som har trekt opp stolane, som Odd Erik Dalsegg har bygd. Og både Eva Dørdal og dei andre museumstilsette er oppglødde. Fløyelsvidundera blir for ei kort stund plassert i foajeen på Orkla Industrimuseum under bysten av Christian Thams. Thams grunnla Thamshavnbanen, som vart høgtidleg opna av Hans majestet kong Haakon den 10. juli 1908.


Dei originale stolane frå førsteklassesalongen er borte. Men dei er rekonstruert etter teikningar frå Skabo jernbanevognfabrikk og stolar frå Setesdalsbanen. Profilane av dei originale finst også teikna med blyant på dei nakne veggene i vogna.


– Kupeen kostar rundt 400 000 kroner. Utan den generøse gåva frå Stein Erik Hagen, hadde det aldri vore muleg å få til førsteklassekupeen, fortel Bjørn Tokle. Han funderer over ei spesiallaga teaklist som skal bestillast, og han sjekkar dei nye klaffeborda til kupeen saman med lokførar og verkstadarbeidar Øyvind Frøseth. Det er mange detaljar som skal stemme og mykje arbeid, men dei to togentusiastane synest det er rasande artig.


Orklaeigar Stein Erik Hagen ga ein million kroner til oppussing av personvognene til Thamshavnbanen, og han er ikkje den einaste som har opna pengeboka. Orkla Industrimuseum har jubileumsprosjekt for 13,5 millionar kroner, som omfattar oppussing av vogner og lokomotiv, opprusting av Svorkmo stasjon og nybygging av Bårdshaug stasjon. 8 millionar av dette er finansiert ved tilskott utanfrå, og Orkla Industrimuseum har ikkje tatt opp lån i det heile. Over ein fireårsperiode blir sjølve banen opprusta for til saman 15 millionar kroner, der Jernbaneverket og Orkla ASA bidrar med totalt 13 millionar. I perioden 2006-2009 blir det lagt inn 28 millionar kroner for å få Norges første elektriske jernbane til å bli i tipp topp 1908-stand.


Det fanst berre 1. og 3. klasse på Thamshavnbanen i gamle dagar. Ingen mellomting, mellom dei «fine» frå leiarskiktet i Orkla Gruber som reiste i plysj, og resten – arbeidarane og andre «vanlege folk» – som sat på harde trebenker.


Bjørn Tokle omfamnar den eine plysstolen med eit lykkeleg smil. Damene stryk over det mjuke raude stoffet, studerer korleis plysjen er rynka i mønster med små duskar i.


Ein dag i juni – datoen er ikkje fastsett enno sidan Orkla Industrimuseum framleis håper på at kongefamilien kan vera med – vil det bli jubileumsfeiring på Thamshavnbanen. Og da skal alle vogner med kongevogna i spissen vera nyoppussa og tilbakeført til 1908-standard.


– Da skal vi jubilere, seier Bjørn Tokle med champagne i blikket.


Marte Mona