Nært og vondt

Med Fuglane som norskpensum ved det gamle gymnaset, både grudde og gledde eg meg til å møte Mattis att på teaterscena. Eit menneske som Mattis, slik Tarjei Vesaas så glitrande teiknar eit bilete av han, gløymer ein ikkje så lett. Mattis er den som fell utafor alt. Han greier ikkje ein gong å tenke fort medan alle rundt han er knivskarpe. Han duger ikkje til anna enn å tolke signala frå naturen rundt seg. Og til og med det gjer han på sin måte, og på ein måte som er heilt uforståeleg for folk omkring han.

Det er nettopp slik vi møter Mattis i Trøndelag Teater si oppsetting. Vrang, redd, kjenslevar og skamfull. Same kva Mattis gjer, så rotar det seg til. Det kjem så mange rare tankar, og dei kjem så fort at han ikkje greier å tenke dei fort nok. Det er saman med søstera Hege (Marianne Meløy) han har det godt. Og best har han det når han og Hege sit på tua utafor huset. Berre Hege ikkje forlet han. Det er så mange teikn i naturen som fortel Mattis at noko vondt vil henda. Han er redd for å mista. Han er redd for at ting skal bli annleis. Og han er redd for å bli aleine.

Alt dette rommer Mattis-skikkelsa. Og Øyvind Brandtzæg fortel den heil og rein og utan omsvøp. Marianne Meløy gjer også rolla som Hege slik vi ein gong vart ho fortalt gjennom Vesaas si magiske diktning. Og skikkeleg vondt blir det når tømmerhoggaren Jørgen kjem og forstyrrar alt som har vore trygt og godt rundt Mattis. Hege blir kjærast, og er ikkje lenger den ho ein gong var. Kva skal det bli av Mattis no?

Trøndelag Teater viser stor respekt for Vesaas si vare og vakre diktning. Scenografien speglar naturen på ein stilistisk måte. Det er ikkje vanskeleg og fornemma grasbakkane, skogen, sjøen og naturen som er ein så viktig del av Mattis sitt liv.

Medan Vesaas skreiv på nynorsk, har teateret gjort teksten om til nordtrøndersk talemål. Det passer perfekt både til handlinga og den opprinnelege teksten. Det er også eit talemål både Brandtzæg og Meløy snakkar naturleg og godt. For eit regionteater er det både sprekt og tøft å gjera noko nytt og spanande for å utvikle teaterspråket.

Audhild Øye