Ingeborg fikk bursdagshilsen fra kongen

Jordmor Ingeborg Gravdal fra Hemne fyller 100.

Ingeborg Gravdal fikk i 2006 Kongens fortjenstmedalje i sølv. 3. januar fyller hun 100 år.   Foto: Avisa Sør-Trøndelag

Nyheter

Sånt går ikke ubemerket hen, selv om nordmenn nå lever lenger enn før og det stadig er flere som opplever å fylle tresifret antall år.

Gravdal bor nå på Helsesenteret i Hemne, og nevøen Gudbjørn Singstad forteller at tanten nylig fikk en svært eksklusiv bursdagshilsen.

- I går ringte hun meg og fortalt at hun hadde fått brev fra kongen. Gratulasjonskort undertegna Harald R . Hun lurte på om det var noe hun skulle svare på eller takke for, forteller Singstad.

Det er ikke første gangen Gravdal er i kontakt med kong Harald. For 12 år siden var hun selv på slottet og mottok kongens fortjenstmedalje i sølv, etter lang tjeneste som jordmor og misjonær i regi av Det norske misjonsselskap. Når hun nå fyller 100 år, skjer det i roligere former hjemme på helsesenteret der hun har bodd de siste fire årene.

Les familiens hilsen til Ingeborg Gravdal her:

100 år

Ingeborg Gravdal

  Foto: privat

Dette biletet vart teke den vinterdagen for snart 12 år sia då Ingeborg Gravdal var i Oslo for å takke for Kongens Fortenstmedalje i sølv. No fyller ho 100 år, og er ikkje fullt så mobil lenger. Dagen blir feira i ei festpynta stue på helsesenteret i Hemne, der heimen hennar har vore dei siste fire åra.

For oss 28 søskenbarna som voks opp med lange, tettskrevne brev frå Zululand, var det som om vi var verdsmeistrar i geografi – fordi vi hadde ei tante som budde i Sør-Afrika! Vi kjende til innvikla namn på misjonsstasjonar der tanta vår var, like godt som vi kjende til det meir nære, som Orkanger, Lensvika, Hadeland, Gjøvik og Hemne.

No mange år etter at tante Ingeborg kom heim frå Sør-Afrika for aller siste gongen, har det hendt vi har tenkt: Dette var ei kvinne som faktisk gjorde det politikarar i dag så flott oppmodar oss til: «Hjelpe dei der dei er». Det er jo nettopp det misjonærane har gjort i meir enn 150 år: Hjelpe der dei er, dei som treng hjelpa. Vår sjukepleiartante gjorde og det: Ho brende alle bruer til heimlandet, og dro til ukjend land, med framandt språk, og annleis kultur. Og blant zuluane var det svært mange som vart glad i jordmor Ingeborg. Dei reflekterte kanskje ikkje så mykje over at ho var sendt til dei av Det Norske Misjonsselskap. Nei, ho var nok sendt meir frå Gud sjølv! For ho elska dei, hjelpte dei og heldt ut så godt ho kunne med alt som kunne vera svært vanskeleg å finne gode løysingar på. Hennar nøysame oppvekst i Gravdala i Hemne vart god ballast når ein måtte snu og vende på skillingen, og vere oppfinnsam i alt som skulle planleggast og gjerast for ein rimeleg misjonspenge.

Sjølv vart ho mesta brydd då ho skjønte at einkvan hadde argumentert for at ho skulle få Kongens Fortenstmedalje. Men vi andre syntes faktisk det var heilt på sin plass. Ho lærte oss noko viktig om det å gi slipp på tryggleik og fridom. Vi skjønte nok at ho mang ein gong sikkert kunne ønska at ho i staden var heime i Noreg, særleg når familie og vener samla seg til festdagar som ho ikkje berre kunne svippe heimom til. Men aldri snakka ho om at misjonærlivet var noko offer. Nei, det var glede over å kunne vera til nytte og hjelp, og vite at ho var i Guds plan med livet sitt.

Så fyller ho 100 år. Truleg orkar ho ikkje så mykje oppstyr med den feiringa. Og aller helst ville ho nok ha feira dagen i himmelen, for i det siste har ho gjeve inntrykk av at hennar tid her på jorda godt kan vera slutt snart. Men så rekk vi iallfall å gratulere! Og takke.

På vegne av 28 søskenbarn

Magnhild Landrø