Øyeblikket:

Er enig med Språkrådet: – Korona skal uttalast med o-lydar

Nyheter

Kanskje har det vore skrive meir enn nok om korona i denne spalta? Eg veit ikkje, men viss du les avisa på ein meters avstand og handspritar deg, så tåler du vel ein attpåtår. Akkurat no ligg viruset i dvale på våre kantar og er sentralisert til Oslo. Men når Syden-turistane kjem att, kan nok ei ny spanskesykje blomstre opp.

Eg synest det verste har vore all handvaskinga. Særleg for meg som har bruka å vaske nevane kvar helg og litt ekstra til høgtidshelgene. Da er det tungt å omstille seg. Sjølv om kjerringa meiner det var på tide. Ein språkleg biverknad av krisa er tyngre å fordøye. Du har sikkert høyrt at mange i Oslo og beste sendetid seier «kåråna». Dette er smittefarleg og like gale som å snakke om «brudekråne» og «krånerulling». Korona skal uttalast med o-lydar. Her er eg og Språkrådet einige.

Mangt har vorte prøva for å kurere ellet motverke styggedommen. Munnbind verkar i mange land, men pussig nok ikkje i Norge, har eg høyrt. Kanskje burde han som først sa det heller hatt munnkorg. Andre har søkt hjelp i ein skarp dram, som er ei gammal råd mot eit utal plager. Her seier fasiten at ein liten konjakk skadar ikkje, men at verken ein eller fleire slurkar kan knekke viruset. President Donald har naturlegvis finare drikkevanar. Derfor bemlar han i seg verknadslaus malariamedisin for å unngå sjukeseng og daude. Huff – dette minner meg om mannen som drakk tresprit for å bli stokke stiv på prioritert plass. Om vi ikkje hadde hatt konge, kunne han kanskje vorte norsk president?

Svenskane har vore hardare plaga av korona enn vi, og sett med nærsyntbriller har dei skylda sjølve. Koronadødstala på svensk side er mykje høgare enn i Norge. Korfor? Trudde dei viruset var ein norskevits eller meinte dei å stanse eldrebølgja? Dei som stod på for å rive oss laus frå broderlandet i 1905, må iallfall ha vore framsynte. Med svenske tilstandar kunne mange i risikogruppene ha hamna i evig karantene. Eller «koronatene», som ho sa seksåringen da ho spontant skapte ei ny glose. Ordet blir vel neppe levedyktig utanfor heimen og nabolaget, men nyskapande var det.

Det har vorte sagt og skrive at ein tromsøværing var den første som fekk korona i Norge. Eg er ikkje skråsikker på det. Ei eldre dame i ST sitt nedslagsfelt har sjølv fortalt at ho drogst med koronavirus lenge før den første kinesaren begynte å skrante. I så fall fortener ho plass i den store rekordboka. Problemet er berre at ho manglar positiv test og aldri har ete flaggermus.