Glødande Eldkorn

Flott stemning under norgespremieren. Det er eit storverk å få til ein opera som Eldkorn på Husaby i Skaun.

Operaen Eldkorn på Husaby vart ein suksess, med dramatikk, vakker musikk, song og flott, fargerik stemning. Jeanette Krommen debuterte med opera i heimbygda. 

Nyheter

Det var fortetta stemning på Husaby da operaen Eldkorn hadde urpremiere seint torsdag kveld. Amfiet var stuvande fullt, med rundt 350 spente publikummarar. Etter ein generalprøve kvelden før i ausande regn, var det nok mange som sende ein takknemleg tanke til vergudane, som let dei grå skyene henge nesten ufarlege på himmelen, mens augustmørkret senka seg over kyrkjeruinane og den snart mogne kornåkeren raudna og gløda i skinet frå lyskastarane.

Enkle lurtonar sette oss i sagastemning, mens folket på Husaby og husbonden deira, Einar Tambarskjelve (Per-Arne Vighals) med kona Bergljot (Ingunn Solem), dottera Ålov (Jeanette Krommen) og sonen Eindride (Lars Eggen) inntok kyrkjeruinane. Husabyfolket, både barn og vaksne i flotte tidsriktige kostymar, slo taktfast og illevarslande på staurane dei hadde med seg. Dramaet var i gang.

Uro

Det er Einar Tambarskjelves siste kveld på Husaby. Konflikten med kongen, Harald Hardråde, tynger Einar, og no vil han reise til Nidaros for å forsone seg med kongen. Men uroa ligg under, både hos Einar, Bergljot og resten av folket på Husaby. Knut Anders Vestads musikk er verkeleg dramatisk med paukar, slagverk, trøorgel og eit solid lag med blåsarar i orkesteret. Geir Johan Nergaards tekst går rett på kjernen i konfliktane med liv, død, angst, ære og mot. «Kornet har reist seg, snart skal det mognast. Havet har reist seg, det kan ikkje lognast. Eldkorn».

Om ein ikkje får med seg absolutt alle orda, så er hovudbodskapen så klar i kvar song. Solistane og koret fyller Husaby med vellyd og dramatikk. Bergljot og Einar i alvorsstyngde, men også kjærleiksfylte «dialogar», Ålov og Eindride med klåre, lyse stemmer.

Dans

Akkurat når vi blir metta på den dramatiske stemninga, bryt ein dans på kyrkjeruinmuren opp det heile. Men noka laussleppt scene blir det ikkje, det illevarslande heng heile tida over Husaby denne kvelden. Elin Hassel Iversens regi utnyttar heile kyrkjeruinane som scenerom, med kornåkeren som «bakteppe». Fokuset flytter seg frå scene til scene, og vi får mange flotte tablå som vekslar mellom masseopptrinn og solistane i ulike konstellasjonar. Scenografien er svært enkel, men ikkje mindre genial. Staurane og nokre korte stokkar blir brukt til å skape alt frå langskip og årer til krossar mot nattehimmelen.

Mot slutten flytter det heile seg til Nidaros. Levande eld blir tend i kvart hjørne av «scena», koret står og lager «hus» med staurar, og Einar møter kongen (Bjørn Sundseth). Vi ser korleis kongens menn står klare til å drepa Tambarskjelve, og at også Eindride fell i bakhald, og vi ser Bergljot sørge. Det er opera, og det er mange «store» kjensler, men det er tilgjengeleg, også om ein ikkje kjenner alle detaljane i historia.

Oppsettinga av Eldkorn er først og fremst stemning og fantastiske inntrykk, både musikalsk og visuelt. Samtidig er det ein viktig bit av norgeshistoria som blir gjort levande, og som vi kanskje får eit nærare forhold til etter å ha sett forestillinga. Det er eit storverk å få til ein opera som Eldkorn på Husaby i Skaun.