Dei er store, nesten skremmande voldsomme der dei står, med rust sigande nedetter veggene og måling som flassar av. Dei tomme kissiloane i botnsolid betong er skyskraparane på Løkken Verk. Her kom dei ferdige produkta frå vaskeriet og vart lagra før lastebilane frakta dei ned til Thamshavn. Kissiloane har stått tomme sidan Orkla la ned gruvedrifta i 1987. Lenger oppe i lia pregar vaskeriet og oppredningsverket landskapet. Den smale viadukten slynger seg i ein elegant boge mellom gruva og edningsverket.

Bruk?

- Dette er det tjuande hundeårets kulturminne, seier Ellen Sletvold frå Orkla Industrimuseum. Ho er ikkje det minste i tvil om at både kissiloane og alle dei andre synlege og usynlege kulturminna på og rundt Løkken Verk må bevarast for ettertida. Det store spørsmålet er kva dei kan brukast til.

- Kissiloane kan ikkje takast i bruk til noko anna. Men vi må sikre dei, slik at dei ikkje dett i hovudet på folk, og vi må gjerde dei inn. Kanskje kan vi sette opp infotavler og kanskje ein benk. Ein kultursti gjennom industriområdet kan gå forbi her, seier Åse Bollingmo, kulturkonsulent i Meldal kommune. Dette er eitt av dei konkrete forslaga som vil stå i kommunedelplanen for kulturminnet Løkken Verk som blir lagt fram til høyring i februar.

Kven eig?

Det er store utfordringar kommunen står overfor når dei skal ta vare på kulturminnet Løkken Verk i samarbeid med Riksantikvaren og Orkla Industrimuseum. Dei gigantiske industribygningane i betong har prega landskapet og folket i hundre år. Etter at gruvedrifta slutta, veit ein ikkje heilt kven som eig bygningane ein gong. Ein betongekspert har undersøkt tilstanden på husa, og har rekna ut kva det kostar å sikre dei.

- Det vil koste mange millionar, men vi trudde det skulle vore verre, seier Åse Bollingmo. No må det bli fortgang i å avklare kven som eigentleg har ansvar for bygningane. Noko tilhøyrer Staten, noko Salvesen & Thams, nokre av bygningane er herrelause. Slik industribygga står i dag, er dei også farlege for folk å ferdast i.

Minne

Kulturminnet Løkken Verk er stort, og det strekkjer seg utover både Løkken og Meldals grenser. Gruvedrifta og industrien har prega heile Orkladalføret frå 1654 og fram til i dag. Både Thamshavnbanen, Nyplassen, Dragsetgruva, Fagerlia, Plassen på Svorkmo og mange fleire høyrer til. Men også alle minna og kunnskapane som folk sit inne med, er definert som kulturminne, ja til og med haldningane dei har til Løkken Verk og til det som står att etter gruvedrifta.

Kunstprosjekt

Orkla Industrimuseum vil sette igang med eit kunstporsjekt, der barn og vaksne får utforme sine visjonar for kulturminnet Løkken Verk. Også dette kan vera med på å kartlegge og bearbeide haldningane, meiner Ellen Sletvold. Planen går ut på at det skal bli ei vandreutstilling, som også skal besøke nabokommunen Orkdal.

Kissiloane på Løkken verk må sikrast og takast vare på. Kulturkonsulent Åse Bollingmo (t.v.), Ellen Sletvold frå Orkla Industrimuseum og Aud Inger Kalseth frå Meldal Historielag brenn for det tjuande hundreårets kulturminne sjølv om dei ikkje er pene.