– Det er ei svær utfordring å stupe inn i dette. Eg tenkte meg grundig om, men det var så freistande og fascinerande at eg måtte seie ja, seier Rolf Losnegård, som har ei imponerande merittliste innan teater og spel.

Det er berre litt over ei veke sidan det vart kjent at regissør Egil Johansen trekte seg frå spelet berre to månader før premieren. Han grunngav det med at han ikkje hadde meir å gi etter ein lang og til dels tung prosess for å få fram «Skotet i Buvika». Men leiinga i Kristin på Husaby, som er ansvarleg for oppsettinga, har kasta seg rundt og skaffa ein profesjonell erstattar.

Vestlendingen Rolf Losnegård er ein svært erfaren dramatikar og regissør, som er vant til å jobbe i store format, og han er klar for å sette i gang innøvinga av stykket 7. april. Tre vekers innøvingstid er nokså normalt for utespel, og Losnegård fortel at han også har gjort det på kortare tid tidlegare.

– Du blir ikkje skremt av at ein regissør har gitt opp?

– Nei, eg burde kanskje bli det, men eg er ikkje så veldig lettskremt. Det eg har sett av manuset, er at det er spennande og dramatisk. Det er litt jobb å gjera med å komprimere og stryke ned litt i samarbeid med dramatikaren, men det er heilt normalt for ein instruktør, seier Rolf Losnegård, som så langt ikkje har høyrt musikken.

«Skotet i Buvika» handlar om den to år lange streiken ved Piene Mølle i Buvika, og om Marius Folstad, som blei skoten av ein streikebrytar den 20. september 1913. Musikkspelet har tekst av Idar Lind og musikk av Knut Anders Vestad.

– Vi håper det er rett mann. Han har gjort ekstremt mykje dei siste åra. Det er viktig at vi får nokon som er vant til store format, og til å tenke sjølv og til å løyse opp og få ting gjort i ein så stor samanheng, sier dagleg leiar Peer Helge Taraldsen i stiftelsen Kristin på Husaby, som er ansvarleg for oppsettinga av musikkspelet. Han er heilt trygg på at spelet er i rute til premieren 1. mai.

Marte Mona