tvikrokåt adj.

Adjektivet krokåt/krokat er alldeles vanleg i daglegtalen vår, og det brukar vi når vi skal omtale ein kjepp, ein veg, ei elv eller noko anna som ikkje er beint.

Men når vi så kjem fram til varianten tvikrokåt så kan det vel hende at einkvan ikkje er med lenger, for dette ordet er meir sjeldan. Det kan bli sagt slik:

«Dæmm flira så dæmm va alljdeles tvikrokåt.»

Folk som kan karakteriserast slik går om lag i rett vinkel og storflirer av eitt eller anna.

Ja, det går nok an å bli tvikrokåt av andre årsaker og, t d av smerte.