tøy tölmo’e v.

Tolmod, tölmo’, er mangelvare hos mange. Somme kan sitte rolege og berre lytte eller sjå utan å miste fatningen av den grunn. Andre derimot sprett opp i illsinne for den minste ting. Skilnaden på desse to typane er at den første har langt tolmod og den andre har stutt tolmod.

Han med langt tolmod er i grunn ikkje noko problem, men han andre må lære å styre seg. Han må lære seg å tøy tölmo’e sitt.

Altså blir tydinga av dagens uttrykk utvide grensa for tolmodet sitt.