Hos oss er

sållj inkjekjønnsord, men også hos oss er det mjølk med oppbrote brød i, helst flatbrød, og da heiter det flatbrødsållj. Og etter gammel skikk skal det visstnok ikkje vera sukker og kanel på toppen av denne retten. Eldre folk vil kjenne brødsmaken. Denne matretten er nok heller sjeldan i dag, men ordbokstyraren et slik mat rett som det er til fortviling for den som har innkjøpsansvar for flatbrødet.sållå m.Ein sållå kan vera som mangt, men når vi ørkdalingar snakkar om sållå så er det hestgreie vi meiner. Det heiter da på normalspråk sele. Og i samband med denne sållånnj har vi mange ord utan at vi skal ta med berre eit par her. Vi har t d sållåbonk, som og heiter sållåballj (puta under høvret), og så har vi sållåpinnjen ,da, som har til oppgåve å feste «ora attåt skåka.»