tu og ti adv.

Desse to småorda blir brukt mye av alle, men vi tenkjer sikkert ikkje så mye på kva slag ord det er.

Tu tyder ut av/frå, medan ti tyder inn i/opp i.

Og så kan vi dagleg høre setningar som at «det vara tu-att og ti-att,» der tydinga er svært lenge.

Og når vi fortel at «hannjda for-tu-lea,» så seier vi at handa for ut av ledd.

Men så kan vi koma til å si at «det kjæm ittj-nå tu det,» så er meininga at det har ingen ting å si.

Og så blir det sagt: «Kå det e ti dinnj-dær kaku du ha båkkå?» Da spør vi om innhaldet i kaka.

Ja, enda finst det mange bruksområde for desse småorda. Du kan berre prøve sjøl.