tøgg-opp-att v.

Når vi snakkar om å tøgg, så tenkjer vi helst på mat. Vi legg innpå ei tugg, og så tøgg vi på denne til vi svelger det heile ned.

Kua og andre drøvtyggarar gjer det på den måten at dei halvtygg maten først, og så gulpar dei opp att og fintygg ein omgang til.

Men når vi snakkar om at folk tøgg-opp-att, så går det på det at den personen det er snakk om seier det same opp att og opp att, gong på gong, slik at folk går lei av på høre på.

Den yrkesgruppa som fell ein i tanken akkurat no er politikarane. I eit valgår som dette, opplever vi at dei tøgg-opp-att, dei tar opp att og opp att og strør omkring seg med argument og tankar.

Uttrykket kan og brukast om den situasjonen at når ein har sagt noko, så kjem det ein etterdiltar som tar opp att akkurat det same. Denne andre han tøgg-opp-att til stor irritasjon for tilhørarane.