Det var på denne tida av døgnet at folk sette seg ned og snakka sammen. Enno var det alt for tidleg å tenne lampene, og det vart etter kvart for mørkt til å gjera noko arbeid. Difor vart dette ei samtalestund der historiene kom fram og der morsmålet vart reindyrka.

Skumringstimen

«dei satt i skømmingen».

skjønn på v. Uttrykket å skjønn på kan ha to tydingar. For det første har vi tydinga vurdere, eller som Ivar Aasen seier bestemme ved Skjønn. I Nynorskordboka står det gjera seg opp ei meining om noko. Men så kan det og ha tydinga gje i belønning / gjera nokon ei uventa teneste, eller som Ivar Aasen seier paaskjønne en Tjeneste/vise Ærkjendtlighed (Takknemlighet).

skjør adj. Det er ikkje alle materiala som toler like mye. Somme ting er robuste, medan andre toler lite, dei er skjøre. Her kan det vera snakk om glass og krusty, eller visse sortar tekstilar. Vi kan og snakke om eit skjørt vennskap. Eit slikt vennskap toler ikkje mye. Ja, vi kan og snakke om ein liten og skjør tone. Sjøl om det er utan sammenheng elles, så nemner vi at skjør brukt som substantiv er surmjølk.

skjør utover v. Når det skjøre utover sprutar det over kanten. Det kan hende når vi kokar over noko på omnen, eller når ei vassmengd blir så omfattande at koppen ikkje greier å ta unna.