Øyeblikket

På veg inn i robotalderen

Kolbjørn Aune 

Pluss

Både stein, bronse og jarn har hatt sine aldrar. Dessutan har vi gull- og overgangsalderen. Den siste var det lenge berre kvinnfolka, som kjente på kroppen. Livet er ein overgang, sa reven, han vart overkjørt. Det same kan alle seie som har opplevd i 1900-åra. No står robotalderen klar til å overta for alvor.


Eg ser Adressa skriv at robotane har begynt å referere fotballkampar. Om det er eit teikn på intelligens, skal vera usagt. Slike referat var ofte litt robotprega før òg: I det 25. minutt heada Per Bredesen inn 1-0, og i det 32. min. reduserte Gunnar Dahlen til 1-1, og i det 90. min. bles dommaren av kampen. Det minner om den klassiske skulestilen: Alle var einige om at det hadde vore ein fin kamp.


At robotane dankar ut sportsjournalisten bekymrar lite. Verre blir det den søndagen spelarane blir erstatta av 22 robotar med programmert godfot. Derav to dyre, danske, og ein malebarisk. Heimlaga robotspelarar frå Hemne og Orkla dansar ikkje lenger på eliteball. Det verste kjem når publikum blir sendt heim og avløyst av 20 000 robotar og ditto VIP-ar som syng ro(sen)botsongen. Heime sitt ein mannleg fotballidiot, glor i TV-veggen og blir oppvarta av robotdama si. Ho er ein enkel måndagsrobot med sekunda programvare. Til gjengjeld er ho så heit i senga at mannen ofte lyt dra ut kontakten. Men kontaktvanskar hører ekteskapet til.


Uti distrikta finst framleis menneskevesen, som lever av fårikål og grøn nostalgi. Andre bur i reservat og har raudliste-status. Dei er ikkje særleg intelligente, men kan drive litt politikk. Menneskepartiet slit med å få inn eit par folkevalte på Robot-tinget.


Robotalderen begynte truskyldig med enkle robotar i fjøs og industri. Han i fjøset var flink til å mjølke, men vi hadde kontrollen, trudde mange. Ein dag gjekk det likevel over styr. Robotane vart talrike, skarpe i kanten og intelligente som hundre gongar Einstein. Fjøsroboten tok etter kvart over mjølkekvotane og vart eit mektig uvesen. Til slutt kasta han ut både fjøsnissen, bonden og diverse politiske nissar. Galskapen vart fullkommen da den dummaste roboten vart president i USA. Eg åtvarar.