No har eg gjort eit varp. Eller eit scoop på anglonorsk. I ein travel kvardag har eg kapra meg sjølv for eit intervju til Morgonpraten i ST. Det skal bli saker, sa guten, han pissa på brennevinskaggen til bestefaren.

Kva eg gjer no? Høgg latstaur og ser på Vinter-OL. Men eg er ingen fanatikar, så eg tenker mykje på kva eg burde gjort.

Kva eg serverer ein godmett gjest? Når det gjeld å koke kaffe eller tevatn, er eg ein av dei to beste i huset. Dessutan kan eg sette fram litt kjeks om eg ikkje reint uforvarande har ete dei opp ved kryssordkosen kvelden før. Det kan vera så likt seg. Skulle ikkje dette vera bra nok, dreg eg fram historikaren og fortel pedagogisk at eg voks opp den tida vi åt for fordøyelsen og ikkje fornøyelsen. Da maten var eit næringsemne og ikkje eit statusløft. Den gongen eit par skiver heimlaga blodpølse med nyretalg lukta delikatesse og smaka gourmet.

Favorittpolitikar? Kommunestyret i Orkdal, som har sånn sans for matjorda. No skal det vera aktuelt å kjøpe plastsekker med jord for å ha litt ekstra å bygge ned.

Opptatt av? Mæ-å-kampanjen. Her vil eg minne festlege politikarar om at livet kan vera underbart om ikkje underlivet alltid er bart. Dei som forstår såpass, er mine politiske heltar.

Nytt yrke og framtidsplanar? Eg vil fortsette som pensjonist så lenge livet held og trygda rekk. Seinare blir det kanskje ei spøkefull rolle i Åndenes makt? Når eg omsider tuslar inn i lyset, vil eg be Sankt Peter eller vakthavande om å få bli sauegjetar i Paradisets beitemarker. Det ville vore himmelsk. Men skulle eg møte ein nyfrelst Fjotolf Hansen (du veit han frå Utøya) på dei traktene, da gjer sauebonden kuvending.

Kunne tenkt meg å gjennomføre? Ein plastisk operasjon, som er så in blant alle kroppsfikserte, ville gjort meg godt. Eg har eit par stortær som peikar ørlite grann opp. Det må da vera likså frustrerande som slappe rumpeballar og smale lepper hos damene. At det har bremsa kjønnslivet mitt og kanskje spolert livslykka, kan det neppe vera tvil om.