Det som ikkje kjem fram like klårt, er at summen av alle dei andre stasjonære og mobile utsleppa i kommunen har stått nesten stille frå 2009 til 2016, og dette er område der kommunen har større påverknad enn når det gjeld utsleppet frå industrien. I følgje Orkdals klima- og energiplan frå 2009 skal totalutsleppet bli redusert med 10% frå 2006 til 2020, men dette vil bli vanskeleg å oppnå utan vesentleg sterkare tiltak. Etter underteikninga av Parisavtalen er heller ikkje dette målet tilstrekkeleg. Her må det sterkare lut til. 10. april kravde Orkland SV i eit lesarinnlegg at Orkland-kommunane straks startar arbeidet med å utarbeide ein forpliktande klima- og energiplan for nye Orkland, og den nye statistikken som Sør Trøndelag nettopp la fram, viser kor viktig dette er.

Orkland SV vil fremme forslag om ein slik forpliktande plan på førstkomande kommunestyremøte i Orkdal, og håper at det vil bli vedteke einstemmig. Vi reknar også med at dei andre Orkland-kommunane sluttar opp om dette.

Den nye statistikken viser at utslepp frå det som blir kalla «annen mobil forbrenning» i Orkdal har dobla seg sida 2009, og som eit eksempel på aktuelle tiltak for å redusere dette utsleppet, kan overgang til elektrisk drift av truckane på Orkanger hamn og elektrisk tilkopling for båtar ved kai gje viktige bidrag. Vegtrafikken står for 64% av alt utslepp når vi ser bort frå industrien, slik at storsatsing på kollektivtrafikk, gang/ sykkelvegar og andre tiltak som kan redusere vegtrafikken må bli sentralt. I landbruket bør kommunen satse på anlegg for biogass frå husdyrmøkk og planterestar, slik at ein både reduserer utsleppet av klimagassen metan frå møkka og samtidig kan fjerne utslepp av klimagass når for eksempel bilane til Hamos kan køyra på biogass i staden for diesel. I tillegg sit ein att med husdyrgjødsel av god kvalitet.

SV har allereie fremma forslag i kommunestyret om solceller på kommunale bygg, noko som vil bidra til å redusere energibehovet i kommunen.

Når det gjeld utsleppet av klimagass frå industrien, spesielt smelteverka, kan Orkdal kommune vera aktiv på nasjonalt plan, og samarbeide med bedriftene for å få prosjekt som kan redusere dei største utsleppa, slik som auka bruk av biokarbon (flis og trekol) i staden for fossilt steinkol og arbeide for å få pilotprosjekt til kommunen for innfanging av CO2 frå røykgassen.