No er det litt synd i meg. Stakkars liten. I skrivande stund sitt eg og kaldsveittar over eit enno uforløyst Øyeblikk. Akkurat det er verken rart eller merkeleg. Eg har sveitta mykje over vrange ord og tomme tankar. Men samtidig er det 17. mai og nasjonaldag rundt meg. Både blant menneska og uti naturen. Den siste feirar i nyutsprunge lauvgrønt, det norske folk med kvitt, raudt og blått. Eit vakkert og nøytralt alternativ til politisk brunblått eller raudgrønt.

Mange kvinnfolk feirar i fargerike bunader frå ulike landsdeler og heimbygder. Slike plagg er sjeldnare blant folk med ballar. Treffer du ein bunadskledd mann, kan du vera trygg på kjerringa har bestemt habitten. Ein ugift kar i bunad er ganske sikkert skilt eller enkemann. Om han ikkje har brote seg ut eit langvarig sambuarskap.

Men korfor er eg så mett at eg knapt kan seie verken kjøtt eller «skjøtt» med innbaka talefeil. Det er kanskje ikkje så aldeles synd i meg lell. Eg har da vore ute og lufta 17. mai sløyfa og ete ein kraftig velsmakande middag på Hotell Koselig. Det er godt miljø på dette hotellet. Eg har grøn stær og null sidesyn, men ser likevel at det står Koselig på alle damene som serverer. Informasjonssamfunnet har komme langt. Slikt laut vi finne ut på eiga hand før i tida. For ein aldrande og kjerringfast mann har opplysninga ingen nytteverdi, men koseleg er det lell.

I mai «du skjønne milde» skulle ein ha vore ung og raudruss. Slik eg faktisk var ein gong i fjerne år. Den tida rektor Ræder rådde strengt på Follo og kalla meg inn på kontoret fordi eg som redaktør hadde trykt ei «ufin» teikning i russeavisa. Heldigvis forstod vi teikninga både eg og rektor. Ho var meir fin enn ufin, fann vi ut. Teiknaren vart seinare arkitekt og ein kjent fotballkeeper.

Er det sant som eg har hørt, ville eg ikkje ha vore notids russ. Truleg burde russetida vore stempla best for lenge sia. Russen gjorde mykje dumt før, men balanserte ikkje offentleg på rotne moralske liner og datt ned på feil side. Bukkesprang og musefangst i vegkryss stod aldri på programmet. Russeknutane fekk vi ved å halde oss vakne natta til endes. Det skulle ikkje meir til for oss truskyldige. Kva eit forelska russepar kunne praktisere privat og to saman under fellen er ei ganske anna sak. Det veit eg lite om og avslører enda mindre. Så dumme at vi drog til Trondheim og starta studiet med å drikke krutsterk eddik, var iallfall ingen. At slike galningar skal bli samfunnstoppar, er ganske nifst.