Med interesse fordi dette kan bli førande for skolepolitikken i nye Orkland kommune, og med undring fordi ei sånn løysing går på tvers av alle faglege råd og erfaringar i den norske skolen. Det er heller ingenting å hente økonomisk på dette.

Å dele ein rektor mellom to skolar er fagleg sett særs uheldig. Gjennom mange år som skolepolitikar og tilsett i skolen, har eg ikkje møtt nokon som meiner at det er for mykje administrasjon på ein skole. Det er heller motsett. Politikarar og rådmenn er flinke til å snakke om lærartettleik og gruppestorleik, men det er lett å gløyme at ei god pedagogisk leiing er avgjerande for den gode skolen. Om ein les forskinga på området, er svara eintydige. God leiing gir gode resultat når det gjeld miljø, kunnskap og sjukefråvær med meir.

I opplæringslova står det: «Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda». Da må rektoren vere til stades på skolen til ein kvar tid.

Det finnes ikkje ein einaste grunn til at ein skal dele ein rektor mellom to skolar, verken økonomisk eller fagleg. Dette handlar ikkje om bygdestrid, men om kvalitet. Alle skolar treng ein rektor.